Vil du vere med å utvikle Volda kommune som vår nye personal- og organisasjonssjef?
Personal og organisasjon
- Arbeidssted
- VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Volda kommune søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert personal- og organisasjonssjef.
Som personal- og organisasjonssjef får du eit overordna ansvar for HR, kommunikasjon og dokumentforvaltning. Du får også ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og høve til å setje retning for utviklinga av heile organisasjonen.
Vi ser etter ein leiar som får ting til å skje. Du trivst med å drive fram endrings- og utviklingsprosessar saman med leiarar og medarbeidarar, og du evnar å omsetje strategiar til konkrete resultat. Du er trygg i leiarrolla, handterer krevjande saker med integritet, og byggjer tillit gjennom tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid.
Arbeidsoppgåverleie og vidareutvikle kommunen sin arbeidsgivar- og HR-strategi
drive leiarutvikling på tvers av sektorar og fagområde
styrkje kommunen sitt arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og arbeidsmiljø
vere ein sentral støttespelar for leiarar i personal- og arbeidsgivarspørsmål
leie utviklinga av digitale og effektive arbeidsprosessar innan fagområdet
ha administrativt ansvar for kommunikasjon, dokumentforvaltning og innbyggarservice
vidareutvikle system for kvalitet og internkontroll
ivareta og utvikle partssamarbeidet
bidra aktivt til strategisk utvikling av kommunen som heilskap
Du får ansvar for fag, personal, økonomi og resultat innan ditt ansvarsområde.
Kvalifikasjonarrelevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande
leiarerfaring frå offentleg eller annan kompleks organisasjon
solid kompetanse innan HR, organisasjonsutvikling og arbeidsgivarpolitikk
god forståing for offentleg forvaltning og arbeidsrett
god digital forståing og interesse for utviklingsarbeid
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
tenkjer strategisk og ser samanhengar på tvers av organisasjonen
tek initiativ og skaper framdrift i utviklings- og endringsprosessar
evnar å kombinere strategisk tenking med praktisk gjennomføring
er trygg, tydeleg og handlekraftig i krevjande situasjonar
byggjer tillit og gode relasjonar gjennom samarbeid og open kommunikasjon
har høg gjennomføringsevne og evnar å skape resultat saman med andre
har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyrei sentral og strategisk leiarstilling med stor påverknadskraft
høve til å forme og utvikle organisasjonen
tett samarbeid med kommunedirektøren og kommunen si leiargruppe
eit godt arbeidsmiljø prega av tillit, samarbeid og engasjement
spennande og varierte arbeidsoppgåver
løn etter avtale
Volda kommune har nynorsk som administrasjonsspråk.
KontaktinformasjonRune Sjurgard, Kommunedirektør, 90053752, rune.sjurgard@volda.kommune.no
ArbeidsstadStormyra 2
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Personal og organisasjon
Referansenr.: 5187658060
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.