Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Applikasjonsspesialist T-DOC

Fagjournal, Helse Vest IKT

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
21. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Teknologi med meining – bli vår nye applikasjonsspesialist Helse Vest IKT er ei av dei største IKT-verksemdene på Vestlandet og leverer digitale løysingar til sjukehusa i Helse Vest. Medarbeidarane våre arbeider kvar dag for å støtte pasientbehandling, forsking og administrative prosessar gjennom sikre, innovative og brukartilpassa IKT-tenester. Vi søkjer no etter to applikasjonsspesialistar til fagområdet Fagjournal. Som applikasjonsspesialist får du vere med på å forvalte og vidareutvikle løysingar som er sentrale for pasientbehandlinga i sjukehusa i Helse Vest. Stillingane er plasserte i avdelinga Kliniske fag og støttetenester i divisjonen System- og informasjonsforvaltning. Fagområdet Fagjournal består av om lag 29 medarbeidarar, fordelt på arbeidsstadene Bergen, Haugesund, Stavanger og Førde. Vi er stolte av å ha eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø prega av høg fagleg kompetanse, engasjement og samarbeid på tvers av lokasjonar og fagområde. Hos oss møter du hyggjelege og dyktige kollegaer som gjerne deler kunnskap og erfaringar. Vi legg vekt på at det skal vere låg terskel for å spørje om hjelp, slik at vi saman finn gode løysingar og utviklar oss fagleg. Her blir du ein del av eit kompetent fagmiljø som arbeider med samfunnskritiske løysingar og som er opptatt av kontinuerleg læring, samarbeid og utvikling. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å bidra til framtidas digitale helsetenester i Helse Vest. Arbeidstad for stillingane; Bergen.  ArbeidsoppgåverTilpasse løysinga til sjukehusa i Helse Vest Samarbeide med systemansvarlege i føretaka, bidra til optimal bruk og kontinuerleg forbetring av løysinga Bidra til innføring av løysinga i nye einingar i helseføretaka Handtere endringsønske og feil som oppstår, samt løyse saker med komplekse problemstillingar for brukarane Bidra til å effektivisere måten vi arbeider med løysinga på, til dømes gjennom automatisering av manuelle rutinar og testing Bidra til høg kvalitet gjennom testing av nye programoppdateringar før produksjonssetjing og nyutvikling Sjå løysingar på komplekse problemstillingar i systema Halde ved like artikkelkatalogen i Libra slik at han er tilpassa T-DOC Vidareutvikle skannemalar, etikettar, lister og design for alt som blir skrive ut på sterilsentral og operasjon Gi opplæring til brukarar i føretaka og bistå med tilpassingar i oppsett ved behov Forvalte løysinga, tilhøyrande data og integrasjonar Ha kontakt med leverandørar KvalifikasjonarHøgare relevant utdanning er ein fordel. Arbeidserfaring og personleg eignaheit kan kompensere for manglande formell utdanning. God forståing og erfaring innan steril- og operasjonsprosessar, med brei erfaring innan T-DOC-konfigurering, implementering og forvaltning. Erfaring frå implementerings- og konfigurasjonsleiing. Fagressurs med unik kompetanse innan sterilsentral og operasjon i sjukehusa våre. God kjennskap til og erfaring med bruk av DevOps. Funksjonell og teknisk testarerfaring. Kjennskap til og forståing av Orbit og SAP. Generell teknisk IKT-kunnskap og forståing. God kjennskap til arbeidsprosessar i sjukehuset, sterilforsyning, operasjon og helsesektoren. Må kunne kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk. Personlege eigenskaparDu har gode relasjonelle ferdigheiter. Du forstår andre sine behov og perspektiv, og gir tydelege tilbakemeldingar når situasjonen krev det. Du trivst med teamarbeid, men tek òg ansvar og gjer sjølvstendige vurderingar når det er nødvendig. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ser verdien av å dele kunnskap og erfaring med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar. Du er nysgjerrig og stiller spørsmål for å oppnå betre forståing. Du arbeider strukturert og systematisk, med auge for detaljar. Du veit at detaljane er viktige for kvaliteten, samtidig som du har blikk for heilskapen. Du set deg raskt inn i nye problemstillingar og bidreg til å finne gode løysingar saman med teamet. Vi tilbyrHøyrest det meiningsfylt ut å jobbe med teknologi som støttar viktige helsetenester og gjer kvardagen enklare for helsepersonell? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Hos oss får du: Moglegheit til å arbeide i eit stort, kompetent og tverrfagleg fagmiljø innan ein samfunnskritisk sektor Vere med på å utvikle og forvalte løysingar som støttar pasientbehandling og kliniske arbeidsprosessar Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj Løn etter avtale Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLars Jacob Hove, Avdelingsleiar, 91702650 Cindy Torgersen Jensen, Seksjonsleiar, 97628270 ArbeidsstadBjørnsons gate 29 5052 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Vest IKT Referansenr.: 5168577596 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.