Vernepleiar/sjukepleiar- 100 % fast
Fyresdal kommune
- Arbeidssted
- FYRESDAL, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 26. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
TTF søkjer ein autorisert vernepleiar eller sjukepleiar i 100 % fast stilling.
Du vil følgje opp bebuarar i kvardagen, bidra til meistring, aktivitet og sjølvstende og samarbeide med kollegaer og andre faggrupper.
Turnusarbeid kvar 6. helg.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
Autorisert vernepleiar/sjukepleiar
Ønskjeleg med erfaring med brukergruppen
Fagleg dyktig, engasjert og trygg på eigen kompetanse
Interesse for fagfeltet og engasjement for brukargruppa
Kjennskap til aktuelt lovverk
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Ha forståing og respekt for å jobba i andres heim
Har god evne til å jobbe sjølvstendig
Vere ansvarsfull, punktlig og stabil
Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande
Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert
Har stor arbeidskapasitet
Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon
Likar utfordringar
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
Oppfølging og praktisk bistand i dagleglivet ut frå den enkelte sine behov og vedtak
Målretta miljøarbeid
Leggje til rette for aktivitet, meistring, sjølvstende og deltaking
Observere endringar i helse og funksjonsnivå og følgje opp dette etter gjeldande rutinar
Legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar
Samarbeid med kollegaer, pårørande og aktuelle fagpersonar
Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
Dokumentasjon i Profil
Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
Diverse praktiske oppgaver i boligen
Vi tilbyr
Vi tilbyr
Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
35,5 timars veke. Arbeid i turnus og arbeid kvar 6. helg
Løn etter tariff avtale.
Fyresdal kommune kan vere behjelpeleg med å finne bustad
Tilsetjingsvilkår
Tilsetting skjer i samsvar med Fyresdal kommune sine personalpolitiske retningsliner, gjeldande lov- og avtaleverk.
Seks månadar prøvetid
Krav om politiattest før tiltreding
Teieplikt etter gjeldande regelverk
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.