Seksjonsleiar dialyse ved Førde sentralsjukshus
Medisinsk avdeling, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Dialysen ved Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 01.11.2026.
Vi søkjer ein engasjert leiar som ønskjer å vidareutvikle eit fagleg sterkt og viktig behandlingstilbod for pasientar med nyresjukdom.
Dialyseseksjonen gir livsnødvendig behandling til pasientar med behandlingstrengande nyresvikt, og tilbyr dialysebehandling til pasientar med både akutt og kronisk nyresvikt. Seksjonen tilbyr både hemodialyse og peritonealdialyse.
Det er eit tett samarbeid mellom dei tre sjukehusa i Helse Førde innan dialyse. Dialysen ved Førde sentralsjukehus har eit særleg ansvar for oppfølgjing og koordinering av pasientar i heile nedslagsfeltet, og bidreg til opplæring og fagleg utvikling.
Seksjonen har totalt 9,4 årsverk, inkludert fagutviklingssjukepleiar.
Stillinga inngår i leiargruppa i Medisinsk avdeling. Avdelingssjef er næraste overordna.
Arbeidsoppgåver Heilskapleg leiing med fag-, personal- og økonomiansvar i tråd med Helse Førde sine prinsipp for leiing
Oppgåveplanlegging og ressursstyring
Medarbeidaroppfølging
Kompetansebygging / kvalitetssikring
Budsjettarbeid og månadleg rapportering av aktivitet og økonomi.
Deltaking i leiarmøter i på avdelings-, klinikk- og føretaksnivå
Kvalitetsarbeid som inkluderar internkontroll, avviksbehandling, forbetringsarbeid
Deltaking i lokale, regionale, nasjonale prosjekt/utval
Samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar
Pasientretta arbeid ved behov
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Sjukepleiefagleg kompetanse og erfaring frå arbeid med dialysepasientar
Vidareutdanning innan leiing, og/eller erfaring som fagleiar eller administrative funksjonar
Gode datakunnskapar og tryggleik i bruk av dataverktøy
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaparVere fleksibel, endringsvillig, resultatorientert og beslutningsdyktig
Fremje god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt i organisasjonen
Ha evne til å motivere tilsette gjennom informasjon, involvering, rettleiing og tilbakemelding
Vere lojal og arbeider for å nå måla til seksjonen, avdelinga og klinikken
Vere tydeleg og strukturert, med god formidlingsevne
Vi tilbyrEit godt arbeidsmiljø og eit støttande samarbeid mellom seksjonane og med avdelingssjef
Spennande utfordringar
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling innan leiing
Lønn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonLaila Haugland, Avdelingssjef, (+47) 481 01 340
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5180453062
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.