Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Universitetet i Bergen

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
26. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Åremål
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet "Noreg og europeiseringa av finansmarknadsretten: Særtrekk og integrasjon". Stillinga er for ein periode på 3 år med moglegheit for utviding inntil eit år. Tematikken er knytt til rettsområda finansmarknadsrett og EU/EØS-rett. Prosjektet er finansiert av Sparebankstiftelsen, Sparebanken Norge, Vest. Om prosjektet/arbeidsoppgåverForskingsprosjektet skal undersøke korleis europeiseringa av finansmarknadsreguleringa påverkar norsk bankverksemd. Sentralt i prosjektet står samspelet mellom EU/EØS-retten og norske rettslege og institusjonelle særtrekk. Eit viktig mål er å byggje opp ei grunnleggande finansrettsleg forståing som gjer det mogleg å følgje og forstå den dynamiske utviklinga i finansmarknadsretten. Prosjektet tek utgangspunkt i og kartlegg særtrekka ved norsk bankselskapsrett, der sparebankane si historie og særskilde rolle står sentralt (arbeidspakke 1). Vidare skal prosjektet utforske europeiseringa av finansmarknadsretten meir generelt (arbeidspakke 2), og den komande europeiseringa av insolvensretten som eit konkret døme på denne utviklinga (arbeidspakke 3). Postdoktorprosjektet er knytt til arbeidspakke 1 som skal analysere den norske sparebankmodellen i eit nordisk og kontinental-europeisk perspektiv. Eit sentralt mål er å utvikle kunnskap om dei særlege utfordringane som europeiseringa av det rettslege rammeverket kan skape for norske forhold, og undersøke i kva grad løysingar utvikla i andre EU/EØS-land kan ha overføringsverdi til norsk rett. Analysen vil omfatte både sparebankar og forretningsbankar, og samanlikne korleis desse er regulerte i ulike europeiske land. Ta kontakt med Ingrid.Muftuoglu@uib.no for å få tilsendt prosjektskissa. Arbeidsoppgåver: Arbeide med vitskapeleg arbeid som hovud- eller medforfattar som skal resultere i minimum 6 fagfellevurderte publikasjonar. Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaer. Delta på og vere med å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med prosjektleiaren og dei andre prosjektmedlemane. Delta aktivt som medlem av og bidragsytar til Forskargruppa i obligasjonsrett, tingsrett og konkursrett, og bidra til eit godt fagmiljø ved fakultetet.  Kvalifikasjonar og eigenskaparDu må ha norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Du må ha doktorgrad i rettsvitskap. Det er ein føresetnad at du har levert doktoravhandling innan søknadsfristen, og at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Temaet for doktorgradsarbeidet, eller kandidaten si ekspertise, bør vere knytt til perspektiv innan norsk formuerett.  Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert. Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget og eit finansrettslegfagmiljø.  Du må ha gode kunnskapar i både engelsk og norsk, på høgt nivå, så vel munnleg som skriftleg.  Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for prosjektet. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju. Om postdoktorstillingaPostdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til anna karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Vi tilbyrEit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. Løn som postdoktor (kode1352) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årslønn på kr. 728 000 – 800 000. Videre opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehaldeSøknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla iforskingsprosjektet. CV (fyllast ut i søknadsportalen). Ei prosjektomtale (minimum 7 sider inkludert referansar) som inneheld ei beskriving av postdoktor-prosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, samt ein plan for gjennomføringa av prosjektet og ei vurdering av risiko du ser ved det planlagde prosjektet og korleis denne er tenkt handtert.  Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål. Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste). Full versjon av doktoravhandlingaog inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf-format. Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkar kan velje å inkludere upublisertemanuskript. Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonarer eit føremon, ein av desse bør fortrinnsvis vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga. Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla karakterutskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir. sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning. Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga.  Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen». Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert. Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til: Prosjektleiar Hans Fredrik Marthinussen (Hans.Marthinussen@uib.no ) Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkårkan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no) Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.       Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.