Fagarbeidar skule og barnehage
Byglandsfjord skule og barnehage, Bygland Kommune
- Arbeidssted
- BYGLAND, BYGLANDSFJORD, AGDER
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og skape ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag for barn?
Byglandsfjord skule og Byglandsfjord barnehage har ledig to 100 % mellombelse stillingar som fagarbeidar fram til 31.07.2027.
Ei stilling er knytt til skulen med oppstart snarast, medan den andre er knytt til barnehagen med oppstart 01.01.2027. Søkarar kan søkje på begge stillingane eller opplyse i søknaden kva stilling dei føretrekkjer.
Om oss
Skulen og barnehagen ligg i same bygg sentralt i Byglandsfjord. Vi samarbeider tett om å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for barna våre. Nærmiljøet med fjord, skog og fjell er ein naturleg del av kvardagen vår og gir gode moglegheiter for leik, læring og aktivitet. Vi arbeider etter prinsippa for helsefremjande barnehage og skule. Ved skulen er fysisk aktiv læring ein naturleg del av undervisninga, og alle elevane deltek i uteskule ein halv dag kvar veke. I barnehagen står leseopplevingar, leik og vennskap sentralt i kvardagen.
For tilsetting i barnehage er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før tilsetting trer i kraft (jf. Barnehagelova §30).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25)
ArbeidsoppgaverBidra til ein trygg, inkluderande og aktiv kvardag for barna
Støtte barn i leik, læring og sosial utvikling
Delta aktivt i aktivitetar inne og ute
Samarbeide med føresette og kollegaer
Medverke til eit godt lærings- og arbeidsmiljø
Bidra til å fremje helse, trivsel og livsmeistring
KvalifikasjonerFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Annan relevant utdanning eller erfaring kan bli vurdert
Gode norskspråklege ferdigheiter, både munnlege og skriftlege
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi ynskjer at duer ein tydeleg og trygg vaksen
er engasjert og glad i å arbeide med barn
trivst med aktivitet og leik
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
er fleksibel og løysingsorientert
bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyrMeiningsfulle arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag
Eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø
Moglegheit for fagleg utvikling
Ein arbeidsplass med fokus på helse, aktivitet og trivsel
Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
KontaktinformasjonSigrid Greibrokk, Barnehagestyrer, +4795746056
ArbeidsstedSetesdalsvegen 2012
4741 Byglandsfjord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bygland Kommune
Referansenr.: 5202444742
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.