Miljøterapeut eller fagarbeidar - nattevaktstilling
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
- Arbeidssted
- GLOPPEN, SANDANE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du bidra til tryggleik og gode tenester gjennom natta?
Vi har ledig fast stilling i 100 % (10% av dette er frie timar) på natt i Miljøarbeidertenesta, avdeling 1 (Åsavegen, Furubu og Solsikka). Vi kan vurdere tilsetting i lågare stillingsgrad dersom det er ynskje.
På natt er du med på å sikre at bebuarane våre får eit trygt, godt og forsvarleg tenestetilbod. Arbeidet omfattar mellom anna observasjonar, oppfølging av individuelle tiltak og praktisk bistand etter behov. Du arbeider tett saman med to eller tre andre nattevakter og blir ein viktig del av laget rundt brukarane.
Miljøarbeidertenesta yter tenester til om lag 65 personar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Vi er om lag 82 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å gi fagleg solide tenester. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt brukar kan leve eit godt liv ut frå eigne føresetnader, ønskje og behov. Dette krev tilsette som møter menneske med respekt, omsorg og fagleg bevisstheit.
Som nattevakt må du rekne med å delta på personalmøte og fagmøte som er lagt inn i turnus på dagtid gjennom året.
Har du spørsmål om stillinga eller turnusordninga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.
Tiltreding: 01.11.26 eller etter avtale.
ArbeidsoppgåverOppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
Oppfølging av tenestemottakarar ut frå individuelle tiltak og behov
Helseoppfølging
Observasjonar og dokumentasjon
Tiltak etter kapittel 9 helse- og omsorgstenestelova
Kvalifikasjonar3 årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
Dersom det ikkje melder seg eigna søkjarar med relevant utdanning, kan det vere aktuelt å tilsette helsefagarbeidar eller anna relevant fagarbeidar.
Du må kunne snakke og skrive godt norsk
Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem
Ynskjeleg med erfaring frå målgruppa
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Vi søker etter deg somKan arbeide strukturert og planmessig
Skapar gode relasjonar til dei rundt deg og opptrer med tolmod og respekt
Som er ein pådrivar for å skape ei god teneste, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Er ansvarsbevisst og trygg i rolla
Vi tilbyrEin meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Tillegg på kr 20.000 årleg i 100% stilling for arbeid på natt (gjeld alle).
Tilleg på kr 8000 årleg i 100% stilling på natt for høgskuleutdanna
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Høgskulestudentar innen relevant utdanning får lønnskompensasjon
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar.
KontaktinformasjonElise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta, 977 77 389
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159
ArbeidsstadGrandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5163619353
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.