Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
AVD. FOR TVERRFAGLEG SPESIALISERT RUSBEHANDLING (TSB), Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 4. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du bli spesialist i eit fagfelt der du får bruke heile den medisinske kompetansen din?
Vi har ledig fast 100 % stilling for lege i spesialisering ved Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Ålesund behandlingssenter, frå 01.12.2026.
Rus- og avhengigheitsmedisin er eit spennande fagområde i skjæringspunktet mellom rusmedisin, somatikk og psykiatri. Hos oss får du jobbe tett på pasientar med samansette problemstillingar, i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og eit felles engasjement for å gjere ein forskjell.
Vi søkjer no ein engasjert LIS som ønskjer å utvikle seg innan rus- og avhengigheitsmedisin og vere med på å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt ved Avdeling TSB i Møre og Romsdal.
Ved Avdeling TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir vi utgreiing og behandling til personar over 18 år med rus- og avhengigheitsutfordringar, samt støtte og oppfølging til deira pårørande. Tilbodet omfattar avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk behandling.
Som LIS hos oss vil du kunne få godkjent heile spesialistutdanninga i rus- og avhengigheitsmedisin, brei klinisk erfaring innan både rusmedisin, psykiatri og somatikk, samt moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas behandlingstilbod innan TSB.
Vi ønskjer oss ein lege som er fagleg nysgjerrig, engasjert i pasientgruppa og som trivst med samarbeid på tvers av profesjonar.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat. Vi ser fram til å høyre frå deg.
ArbeidsoppgåverUtdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin
Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsatt i; mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, deltaking i tverrfaglege drøftingar m.m.
Tverrfagleg samarbeid
Deltaking i avdelinga si vaktordning
Undervisning
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege
Godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søkje midlertidig stilling
Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskaparVi søkjer deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig
Vi søkjer deg med eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
Vi søkjer deg som har gode kommunikasjonsevner, som er fleksibel og løysingsorientert
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyrTett rettleiing frå erfarne overlegar
Variert, utfordrande og lærerik teneste i eit inkluderande og kompetent tverrfagleg miljø
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonSiri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleiar, Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.no
ArbeidsstadVestmoa 27
6018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5177129636
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.