Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Helgestilling - NATT

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 8 bufellesskap, og 2 dagsenter. Torsneset bufelleskap er eit bufellesskap for vaksne, med 7 tenestemottakarar med ulike behov for oppfølging. Avdelinga ligg sentralt lokalisert i Eikelandsosen Fast stilling i turnus omlag 28 % med for tida arbeidshelg kvar 3 helg  Arbeidsstad Eining; Tilrettelagte tenester, v/Torsneset bufellesskap i Eikelandsosen Arbeidsoppgåver Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Ved behov vil du kunne få delegasjon på medisinhandtering.  Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar Vi søkjer fortrinnsvis deg som har autorisasjon helsefagarbeidar, men studentar innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning vil ôg bli vurderte. Det er ønskeleg at du har erfaring med arbeid med personar med nedsett funksjonsevne Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.  Sertifikat, bil kl. B. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.  Løn etter gjeldande avtalar. Stillingar på natt har i tillegg på årsløn eit funksjonstillegg. Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.   Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.