Ønskjer du å bidra på eit viktig samfunnsområde?
Nav Bergen sentrum // Avdeling arbeidsavklaringspengar (AAP)
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 7
Stillingsdetaljer
Nav Bergen Sentrum søkjer engasjerte tilsette til sakshandsaming på fagområdet arbeidsavklaringspengar. Du blir ein del av ei avdeling med 15 tilsette, der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga har ansvar for sakshandssaming av søknader om arbeidsavklaringspengar frå heile Bergen.
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvatnet, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hjå oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn.
Kva går jobben ut på? sakshandsame i Nav sine fagsystem etter gjeldande lovverk
kartleggje ressursar og moglegheiter hos den enkelte brukar
kontakt med samarbeidspartnarar
delta i utviklingsarbeid ved behov
andre oppgåver kan bli lagde til stillingane
Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha
fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
Det er ønskjeleg at du har
erfaring frå sakshandsaming i offentleg verksemd
erfaring frå arbeid med menneske og rettleiing
erfaring med å bruke digitale verktøy
avdelingen har også klagebehandling for regionen der det kan være nyttig å ha juridisk kompetanse
Kva ser vi etter hos degkan handtere ein variert og hektisk arbeidskvardag
har god arbeidskapasitet og evne til å handsame eit stort ansvarsområde
er sjølvstendig, effektiv og arbeider grundig og systematisk
er omstillingsdyktig og handterar nye arbeidsoppgåver
Trives med å jobbe i team
Kvifor velje oss?meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig arbeidsområde
eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling og ambisiøse mål
fleksitidsordning med moglegheit for hybrid arbeidskvardag og ein time trening i arbeidstida
løn i stillingskode 1434 rådgjevar i lønsspenn frå kr. 639 000 til kr. 670 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
KontaktinformasjonSiv Jorunn Krakk Aga, Avdelingsleiar, 934 01 494
ArbeidsstedMøllendalsveien 8
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5174050174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 01.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.