Barnehagelærar i Strandebarm
Oppvekst
- Arbeidssted
- KVAM, STRANDEBARM, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Brenn du for å skapa gode oppvekstvilkår for barn? Som barnehagelærar hos oss får du vera med på å utvikla eit trygt, inkluderande og læringsrikt miljø der kvart barn får høve til å veksa, meistra og trivast.
Strandebarm barnehage har ledig 90% stilling som barnehagelærar frå 01.01.27 - 05.07.27
Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/
ArbeidsoppgåverVisa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov
Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei tid og ro, samtalar og leik
Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål
Skapa ein god barnehagekvardag for alle
Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar
Rettleia, involvera og motivera
Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar
Delta i leiarteam ved behov
Bidra til pedagogisk utvikling
Tett samarbeid med spesialpedagog i barnehagen
KvalifikasjonarGodkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Jf. barnehagelova må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskaparHa eit positivt barnesyn
Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse
Visa endringsvilje og vera løysingsorientert
Samarbeida godt med andre
Gode kommunikasjonsevner
Me tilbyrVed funksjon som pedagogisk leiar vert det gjeve eit årleg tillegg på kr. 40.000,- i full stilling (forhaldsmessig ved deltid)
Kvalifiserte rettleiarar står for rettleiing til nyutdanna dei to fyrste åra
Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning
Me arbeider for kjernetid for pedagogiske leiarar i alle barnehagar
Arbeidskle
Godt og fagleg arbeidsmiljø
Varierte arbeidsdagar
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonMarit Linga, Styrar Strandebarm barnehage, 94178356
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755
ArbeidsstadTangeråshagen 12
5630 Strandebarm
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5188311889
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Søknadsfrist: 25.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.