Prosjektleiar tunnel - Bybanen Utbygging
EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Bybanen er ryggrada i kollektivsystemet i Bergen og ei sentral drivkraft i utviklinga av byen. No søkjer vi ein erfaren prosjektleiar som vil vere med på å realisere byggetrinn 5, Bybanen til Åsane, og andre spennande oppgåver i Bybanen Utbygging.
Stillinga ligg til seksjonen Bybanen Utbygging, som er ein del av avdelinga Eigedom og utbygging i Vestland fylkeskommune. Dette er stillinga for deg som trivst med å arbeide med komplekse løysingar i eit høgkompetent fagmiljø, og bidra til å sette varige spor i Bergen. Arbeidsstad er Vestlandshuset, eit topp moderne kontorlokale midt i Bergen sentrum.
ArbeidsoppgåverSom prosjektleiar får du ei særs viktig rolle i prosjektet, med eit heilskapleg ansvar for planlegging og gjennomføring av bybanetunnelen i sentrum. Du vil ha ansvar for førebuing og gjennomføring av innkjøp, kontraktsforhandlingar med entreprenørar, oppfølging av byggjefasen og overlevering til eigar. Dette er ei sentral nøkkelrolle i Bybanen Utbygging, med tett samarbeid med prosjektleiinga og prosjektet si øvste leiing. Vi ser òg for oss at du bidreg aktivt i det strategiske utviklingsarbeidet i prosjektet og spelar ei viktig rolle i den samla prosjektleiinga.
KvalifikasjonarVi ser etter deg som har lang erfaring frå store komplekse prosjekt, og som forstår kva som skal til for å fylle prosjektleiarrolla frå planlegging til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har:
Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, som ingeniør eller sivilingeniør
Prosjektleiarerfaring, med god forståing for prosjektgjennomføring
Erfaring med handtering av kontraktar, entreprisar og oppfølging av eksterne leverandørar
Erfaring i HMS-, framdrifts-, økonomi-, kvalitets- og risikostyring
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som har lang erfaring frå store komplekse prosjekt, og som forstår kva som skal til for å fylle prosjektleiarrolla frå planlegging til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har:
Har ledererfaring og evne til å kommunisera tydeleg
Kan kommunisera munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Arbeider strukturert og tek ansvar for framdrift, økonomi og kvalitet
Tek initiativ, har gode samarbeidsevner og bidreg til eit innovativt miljø
Evnar å sjå både heilskap og detaljar, og motiverast av å utvikla gode løysingar saman med andre i krevjande grensesnitt
Kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent, modig
Vi tilbyrDu får ein sentral rolle i eit av dei mest spennande samferdselsprosjekta i Bergen, på Vestlandet og Norge. Bidraget ditt er med å utvikle Bergen, samtidig som du blir del av eit sterkt prosjektmiljø i Vestland fylkeskommune. Vi tilbyr mellom anna:
Ei leiande nøkkelrolle i prosjektet
Store faglege utfordringar og reell påverknad
Eit kompetent og engasjert prosjektmiljø
Lønn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor
Ordningar for fagleg utvikling og kompetansebygging
Deltaking på fagmesser og i bransjesamarbeid
Moderne kontorlokale med eige treningsrom og sykkelgarasje med garderobar
KontaktinformasjonArve Tjønn Rinde, prosjektdirektør, +47 93031874
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5178917151
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.