Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Fysioterapeut for born og unge - 100 % fast

Bjørnafjorden kommune Helsefremming og rehabilitering

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og gjere ein forskjell for born og unge i Bjørnafjorden kommune? Vi søkjer ein fagleg engasjert og kreativ fysioterapeut til ergo- og fysioterapitenesta vår for born og unge! Stillinga er 100 % fast og er for tida knytt til arbeid med born og unge på Os-sida av kommunen. Du får arbeidsstad med kontor, treningssal, behandlingsrom og terapibasseng på Luranetunet, Solstrandsvegen 39. Borneteamet vårt er organisert under avdelinga Helsefremming og rehabilitering, saman med ergo- og fysioterapeutar som arbeider med vaksne og eldre, bassengansvarleg, servicemedarbeidarar for tekniske hjelpemiddel, kartleggingsteam og kvardagsrehabilitering. Vi er eit fagleg engasjert team som legg vekt på samarbeid, utvikling og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsstad Luranetunet bu- og behandlingssenter Arbeidsoppgåver Førebyggjande og behandlande tiltak på helsestasjonen Habilitering, trening og oppfølging av born med ulike funksjonsvariasjonar Undersøking, vurdering og behandling av born med ulike problemstillingar knytt til motorisk utvikling og/eller muskel- og skjelettapparatet Nært samarbeid med ergoterapeut for born og unge Vurdering, formidling og tilpassing av ulike hjelpemiddel Gruppetrening i basseng Samarbeid med foreldre, helsestasjon, barnehagar, skular, PPT, lege og andre samarbeidspartnarar Koordinatoroppgåver og arbeid knytt til individuell plan Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som fysioterapeut Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Erfaring, kurs og/eller vidareutdanning innan barnefysioterapi er ein fordel Førarkort klasse B God IKT-kompetanse God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.  Personlege eigenskapar Du er god på å byggje relasjonar med born og unge Du er fagleg engasjert, kreativ og ønskjer å gjere ein forskjell for born og unge Du har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege team Du er løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig, i tråd med nasjonale faglege retningslinjer og kunnskapsbaserte metodar Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.  Vi tilbyr Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling  Eit høgt kvalifisert fagmiljø  Godt arbeidsmiljø og gode arbeidslokale Fleksibel arbeidstid  God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.