Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du vere fastlege i Vindafjord?

Vindafjord kommune Helse og omsorg

Arbeidssted
VINDAFJORD, ØLEN, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
30. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vi søkjer vikarar for fastlegar i fødselspermisjon ved Ølen legekontor og Vindafjord Legesenter i Vindafjord. Vi søkjer to legar med gjennomført LIS1, gjerne spesialistar i allmennmedisin, som ønskjer eit vikariat i eit organisert fagmiljø. Fastlegeheimlane har 950 pasientar kvar. Vikariata varer frå 04.01.2027 til 31.01.2028, med moglegheit for forlenging. Om legekontoraØlen legekontor ligg i Ølen og er eit kommunalt drive legekontor. Her arbeider sju fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og ein sjukepleiar. Vindafjord Legesenter ligg i Isvik/Skjold og blir drive av SmartLegen. Her arbeider fem fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og sjukepleiarar. Legekontora er velfungerande og har effektiv pasientflyt, breitt tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg sparring. Praksisane er lagde til rette for høg kvalitet i det allmennmedisinske arbeidet. ArbeidsoppgåverArbeid som fastlege med ansvar for eiga liste. Kommunale tilsynsoppgåver og eventuelt andre legeoppgåver etter avtale. Deltaking i legevaktordninga til kommunen. Kommunen har eiga legevakt, organisert med delt vaktordning. Det blir gitt forhøgd beredskapskompensasjon og fri med lønn påfølgjande yrkedag etter nattevakt, uavhengig av aktivitet. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege. Gjennomført LIS1 eller turnusteneste. Gode ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk, skriftleg og munnleg. Førarkort klasse B. Spesialitet i allmennmedisin er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskaparDu trivst både med å arbeide sjølvstendig og som ein del av eit team, og du har gode samarbeidsevner. Du tek initiativ, arbeider proaktivt, strukturert og systematisk og er løysingsorientert. Du møter pasientar med tryggleik og respekt, og du evnar å skape tillit i møte med menneske i ulike livssituasjonar. Vi tilbyrLønn etter avtale Velfungerande legekontor med moderne utstyr og erfarent støttepersonell. Ryddige arbeidsforhold og ein føreseieleg arbeidskvardag. Gratis parkering. Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.  Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Andre opplysningarVed arbeid i helse og omsorg skal du leggja fram godkjend politiattest. Dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månader, skal du leggja fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før du startar i jobben. Personell i helse og omsorg skal òg leggja fram helseopplysningsskjema i samband med MRSA. Om områdetVindafjord kommune ligg i Rogaland, med kort veg til både by og natur. Området byr på fjord, fjell og gode friluftsmoglegheiter året rundt. Samstundes gjer pendleavstanden til større byar kvardagen fleksibel. Lokalsamfunnet er trygt og aktivt, med gode tilbod til innbyggjarane. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.