Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk
Avdeling somatikk Odda sjukehus
- Arbeidssted
- ULLENSVANG, ODDA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ønsker du å arbeide på ei framoverlent avdeling?
Hos oss får du ein variert sjukepleiarjobb der du følgjer pasientar gjennom undersøking og behandling – og er med på å utvikle poliklinikken vidare.
Her får du ein variert arbeidsdag og kollegaer som samarbeider tett om pasientane. Vi prøver ut digitale løysingar og utviklar arbeidsmåtane våre saman. Det arbeidet er vi stolte av. Avdelinga fekk Arbeidsmiljøprisen i 2024 og Kvalitetsprisen i 2025.
No håpar vi å få deg med på laget! Stillinga omfattar òg arbeid kvar fjerde helg på medisinsk og kirurgisk sengepost.
Ring gjerne leiar for ein uformell prat – vi vil gjerne høyre frå deg!
Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?Hos oss vil du mellom anna:
utføre sjukepleieoppgåver i poliklinikken
delta i undersøking, behandling og oppfølging av pasientar
utføre administrativt arbeid knytt til poliklinikkane
rettleie studentar og bidra i forbetringsarbeidet i avdelinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Gode munnlege og skiftlege norskkunnskapar.
Ønskjeleg med minst 2 års sjukehuserfaring.
Videreutdanning innan sårbehandling er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:
arbeider strukturert og prioriterer oppgåver når det trengst
finn løysingar saman med andre
samarbeider godt med kollegaer i ulike faggrupper
er open for nye oppgåver, arbeidsmåtar og digitale løysingar
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du tilpassa opplæring saman med ein sjukepleiar og kollegaer som samarbeider om oppgåvene. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag og delta i forbetringsarbeid. Vi har ein tilgjengeleg leiar og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAnita Narheim, Funksjonsleiar, 97527319, anita.narheim@helse-fonna.no
ArbeidsstadSjukehusvegen 10
5750 ODDA
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5183803622
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.