Ledige stillingar innan avlastning og BPA (brukerstyrt assistent)
Åseral kommune
- Arbeidssted
- ÅSERAL, AGDER
- Publisert
- Søknadsfrist
- 2. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 4
Stillingsdetaljer
Har du engasjement for å arbeide med menneske og ønskjer ei meiningsfull deltidsstilling?
Vi har no fleire ledige stillingar og søkjer etter trygge, positive og omsorgsfulle medarbeidarar til vårt team.
Student?
Vi oppfordrar særleg studentar innan helse, sosialfag, pedagogikk eller andre relevante studium til å søkje.
Stillingane kan kombinerast med studiar og gir verdifull erfaring frå arbeid med menneske.
ArbeidsoppgåverAvlastning for ungdom
Vi har ledig:
2 faste helgestillingar på 16 %, ei stilling med nattevakter og ei stilling med kveld og dag
Arbeid 4. kvar helg
Stillingane inneber oppfølging og aktivitetar med ungdom. Vi søkjer deg som er trygg, ansvarsfull og oppteken av å skape gode opplevingar og relasjonar.
BPA-team (Brukarstyrt personleg assistanse)
Vi har ledig:
1 fast helgestilling på om lag 17 %, arbeid 3. kvar helg
1 vikariat i 50 % stilling, hovudsakleg nattevakter
Som BPA-assistent bidreg du til at brukar kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv. Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå brukar sine behov og ønskje, og inneber alt frå personleg stell, matlaging og husstell til sosiale aktivitetar.
KvalifikasjonarHelsefagarbeidar eller andre med høgare utdanning innan helse er ønskeleg til BPA-teamet, men ikkje eit krav i avlastning
Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
Førerkort klasse B er nødvendig, og du må vere villig til å køyre bil for rullestol, med
manuelt gir.
Personleg eignaheit vil bli særleg lagt vekt på
Personlege eigenskaperKven ser vi etter?
Du er påliteleg og ansvarleg
Du har gode samarbeidsevner
Du er fleksibel og arbeidsvillig
Du er tålmodig
Du er sjølvstendig, løysingsorientert, og kan initiativ til å sjå kva som må gjerast i heimen
Du trivst med å arbeide med menneske
Politiattest:
Den som vert tilsett må før tiltreding leggje fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.
Dette er eit krav fordi stillingane inneber arbeid med barn, ungdom og personar med hjelpebehov, og skal bidra til å sikre eit trygt og forsvarleg tilbod.
Vi tilbyrMeiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
Rettleiing og naudsynt opplæring
Triveleg arbeidsmiljø
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen.
Vi kan hjelpe til å finne bustad
Gratis SFO
Barnehageplass
KontaktinformasjonLaila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, +47 41322847
ArbeidsstedBordalsbakken 10
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5172144334
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 11.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.