Ledig faste stillingar som Barne- og ungdomsarbeidar / fagarbeidar / assistent i Gol barnehage
Gol kommune Gol barnehage
- Arbeidssted
- GOL, BUSKERUD
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Gol barnehage utvidar kapasiteten med fleire barnehagar og avdelingar frå januar 2027, og vi har difor behov for fleire tilsette.
Gol barnehage er ei felles overordna organisering av dei kommunale barnehagane i Gol: Breidokk, Vesterhuset og Herad, samt Svøotunet barnehage med seks avdelingar som opnar i januar 2027. På heimesida til Gol kommune finn du meir informasjon om den enkelte barnehagen.
I samband med utvidinga søkjer vi fleire dyktige medarbeidarar som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø. Vi ser etter deg som vil vere ein aktiv deltakar i barn si læring og utvikling, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø.
Ved å søkje stilling hos oss no får du moglegheita til å bli ein del av eit fagmiljø i vekst og vere med på eit spanande utviklingsarbeid i Gol barnehage.
Dine kvalifikasjonar
Du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning innan barnehagefaget
Du har erfaring frå arbeid i barnehage og er motivert for å ta barnehagefagleg utdanning
Du har gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk dei digitale verktøya Gol kommune nyttar både i administrativt arbeid og i det pedagogiske arbeidet med barna
Du uttrykkjer deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
Forventningar til deg som søkar:
Kreativ og leiken, og ein trygg og tydeleg vaksen
Aktiv og til stades saman med barna, både inne og ute
Evne til å skape gode relasjonar til barn
Kan motivere og inspirere barn, kollegaer og føresette
Opptatt av barn si utvikling, medverknad og leik
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Bidreg til eit raust, inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø
Lyttande, tillitsvekkande og ansvarsbevisst
Jobbar sjølvstendig og tek initiativ
Deltar i og medverkar til planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar
Er fleksibel, positiv og løysingsorientert
Vi kan tilby:
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lovverk og tariffavtalar
Løn etter utdanning og praksis
Tydeleg stillingsbeskriving
Gratis treningsordning
Anna:
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevne
Hallingdal har eiga MiB‑gruppe (Menn i barnehage) – menn blir oppmoda til å søkje
Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram, jf. barnehagelova
Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju og må ta med kopi av vitnemål og attesta
Send søknad:
Bruk elektronisk søknadsskjema ved å trykkje på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad. Godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar først).
Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med til intervju. Ansiennitet blir rekna ut frå desse.
Alle søkjarar får kvittering for motteken søknad dersom rett e‑postadresse er registrert.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.