Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Overlege innan psykiatri

Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
1. des. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. Vi ønskjer oss deg som er interessert i fagfeltet alderspsykiatri og allmennpsykiatri. Seksjonen vår består av eit døgntilbod med 9 døgnplasser og poliklinikk.  Deler av stillinga vil vere tilknytta Alderspsykiatrisk poliklinikk, med både ambulant og stasjonær virksomhet. Vi har eit aktivt fagmiljø. Avdelinga har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5. års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning, rettleiing og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på at vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein hyggeleg stad å jobbe.  Vi har eit godt samarbeid med primærhelsetenesta.  Avdelinga vår har ansvar for 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal, og er lokalisert i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt.  Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad! ArbeidsoppgåverDiagnostisk utgreiing og behandling Individuell og tverrfagleg behandling Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse Internt samarbeid og rettleiing Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing Samarbeid med miljøpersonal og andre behandlarar om miljøterapeutiske tiltak Deltaking i fagutvikling, forskning og andre tiltak for kompetanseheving   Deltaking i bakvaktsordning for overlegar hvis ein ønsker det KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege Overlege innan psykiatri Må meistre norsk munnleg og skriftleg  Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd   Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing   Førarkort klasse B (personbil) Personlege eigenskaparDu har god språkleg framstillingsevne   Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner   Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø   Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver både sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen   Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår   Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her KontaktinformasjonMarit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 2 6450 HJELSET Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 4956051716 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.