Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Pedagogisk leiar/ Barnehagelærar

Tysnes kommune

Arbeidssted
TYSNES, ONARHEIM, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
29. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og skape ein trygg, inspirerande og meiningsfull kvardag for barn?Tysnes kommune har ledig to faste stillingar i 100 % som pedagogisk leiar og barnehagelærar. Barnehagane i Tysnes kommune er kommunale og ligg i bygdene, Våge, Lunde, Uggdal og Onarheim. Barnehagane fokuserer på eit trygt og inkluderande miljø der leik, omsorg og læring står sentralt. Vi legg vekt på å gi barna gode opplevingar i eit trygt fellesskap. Barnehagane er organisert under oppvekstområde i kommunen. Kvar barnehage har sitt eige preg og nærmiljø, samstundes som dei samarbeider om kvalitet og utvikling av barnehagetilbodet. Arbeidsstad er ikkje fastsett på førehand. Tilsetting blir gjort i Tysnes kommune, og det blir avklart kva barnehage du skal arbeide i ut frå behovet i kommunen. ArbeidsoppgåverArbeide i tråd med barnehageloven, rammeplanen, årsplanen og barnehagen sine satsingsområde. Vere ein tydeleg og varm rollemodell overfor barn og vaksne. Bidra til godt og nært samarbeid med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Legge til rette for eit godt leike- og læringsmiljø. Delta i endrings- og utviklingsarbeid og halde deg fagleg oppdatert. Som pedagogisk leiar må du i tillegg: Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet med barna. Kunne rettleie og inspirere personalet. KvalifikasjonarGodkjend barnehagelærarutdanning. Ønskeleg med erfaring som pedagogisk leiar. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Gode digitale ferdigheiter. Ved ei eventuell tilsetting må du legge fram:  politiattest jf. barnehageloven § 30. eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose. Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: er ein tydeleg vaksen som er målretta, løysingsfokusert og handlingsdyktig. kan planlegge og jobbe systematisk. har eit medvite i forhold til leik og prioriterer leiken til barna i kvardagen. har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team. er opptatt av å vere i utvikling og viser det gjennom praksis og refleksjon. er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.  Kvifor skal du jobba hos oss?Hos oss får du både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse.  Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP- kommunenes pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår.  Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.  Synes du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppførte i annonsen.  Informasjon til søkarSøkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte. Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.