Vernepleiar
PSK døgn sikkerheit, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med plikt til å gi augeblikkeleg hjelp. Avdelinga har omlag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
Psykiatrisk klinikk sikkerheit består av ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har tre døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Avdelinga tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Ambulant sikkerheitsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 11 pasientar ute i eigen bustad/tiltak.
I tillegg til å gje psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gje pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapeutisk rehabilitering vert vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sjukehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.
Les meir her: Psykiatrisk klinikk sikkerheit
Vi har ledig:
1 x 100% fast stilling for vernepleiar
Startdato: etter avtale
PSK sikkerheit legg opp til en 50/50 kjønnsfordeling, der ein har minst 2 menn på kvart skift.
ArbeidsoppgåverArbeid på sengepost, ambulant sikkerheitsteam, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
Gje psykiatrisk pleie og omsorg
Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg behandling på avdelinga
Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til seksjonen
Andre oppgåver etter avtale med leiar
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som vernepleiar
Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt
Relevant erfaring er ønskjeleg
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskaparDu har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
Du kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottek gjerne hjelp
Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeidar stabilt under press
Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrEit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
Opplæring
Turnusordning med moglegheit for langvakter (12,5t)
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarianne Engh Strandos, Seksjonsleiar, 975 22 519
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5181235319
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.