Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 4. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi har ledig 100 % stilling som sjukepleiar. Stillinga vil først vere i avd. 3. Etter omlag ett år vil stillinga vere hos Ressursbemanningsavdelinga, som vil sei at ein må kunne jobbe på fleire avdelingar ved behov.
Arbeidsstad
Heimetenester Os - Avdeling 3 / Ressursbemanningsavdelinga
Arbeidsoppgåver
Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
Dokumentera helsehjelp i Profil
Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Førarkort kl. B.
Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
Evne til å møte andre på ein respektfull måte - brukaren sin heim er vår arbeidsplass
Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.