Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Universitetslektor i undersøkande journalistikk

Universitetet i Bergen

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
29. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektorVed Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er det ledig ei fast 30 % stilling som universitetslektor. Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er eit nasjonalt kompetansesenter ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. SUJO arbeider for å styrkje den undersøkande journalistikken gjennom utdanning, kompetanseutvikling og samarbeid med mediebransjen, med særleg vekt på lokale og regionale redaksjonar. Senteret held til i Media City Bergen og er det einaste senteret av sitt slag i Noreg. Arbeidsoppgåver:Rettleie og undervise journalistar i å tolke kvantitative data og forstå den journalistiske verdien av slike data Rettleie og undervise journalistar i deira arbeid med å tilarbeide tal, til dømes ved å drive opplæring i Excel Innhente, analysere og tilarbeide kvantitative data frå ulike datakjelder og leggja til rette desse for journalistisk behandling.  Utvikle journalistiske verktøy Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid Kvalifikasjonar og eigenskapar:Mastergrad innan statsvitskap eller tilsvarande kompetanse Erfaring som dataanalytikar Erfaring med undervisning og rettleiing av journalistar i handtering av kvantitative data Erfaring med utvikling av datadrevet journalistikk God journalistisk forståing og erfaring frå journalistisk arbeid Erfaring med programmeringsspråk og databasar God kjennskap til norsk mediebransje God forståing for samfunnsvitskapleg metode  Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Gode kommunikasjons- og samarbeids- og koordineringsevner. God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og engelsk Ha pedagogisk basisutdanning. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.  Vi tilbyr:Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning  Årsløn som universitetslektor, kode 1009, mellom kr. 670 000 – 720 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.  Medlemskap i Statens pensjonskasse  Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde:Følgjebrev  CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)  Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar  Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.  Søknader som vert sendt på e-post eller som manglar etterspurd dokumentasjon vil ikkje verte vurderte.  Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar ved Senter for undersøkande journalistikk, Kristine Holmelid, kristine.holmelid@uib.no  Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.   Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.