Sterilforsyningstekniker
Sterilsentral Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vi søkjer to sterilforsyningsteknikarar i 100 % vikariat.
Ønskjer du å arbeide i eit fagmiljø der kvalitet, nøyaktigheit og ansvar står i sentrum? Vi ser etter deg som har auge for detaljar, arbeider strukturert og er oppteken av å levere arbeid av høg kvalitet. Hos oss er presisjon avgjerande, fordi arbeidet vi gjer er ein viktig føresetnad for trygg og god pasientbehandling.
I sterilforsyninga har vi ansvar for at kirurgiske instrument og medisinsk utstyr blir desinfiserte, kontrollerte, pakka og steriliserte i tråd med strenge faglege standardar og krav til kvalitet, sporbarheit og pasientsikkerheit.
Vi er inne i ei spennande utvikling og skal byggje ein ny og moderne sterilsentral som etter planen står ferdig hausten 2027. Dei nye lokala vil gi gode og framtidsretta arbeidsforhold med moderne løysingar for logistikk, rein og urein sone, sluser og avansert teknologisk utstyr. Mellom anna blir det teke i bruk automatiserte løysingar som lagerrobot, noko som vil bidra til effektiv drift og høg kvalitet i arbeidet vårt. Satsinga legg til rette for å møte framtidige krav innan smittevern, pasientsikkerheit og sterilforsyning.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt og inkluderande fagmiljø med høg kompetanse og ambisjonar. Vi arbeider systematisk, deler kunnskap og støttar kvarandre for å sikre høg kvalitet i alle ledd og den beste behandlinga for pasientane våre.
ArbeidsoppgåverUtføre desinfeksjon, kontroll, vedlikehald, pakking og sterilisering av kirurgisk utstyr, instrument og
fleksible skop i tråd med gjeldande krav
Gjennomføre nøyaktig demontering og montering av ureint og reint utstyr frå operasjon
Utføre systematisk kontroll, kvalitetssikring og funksjonstesting med høg grad av presisjon
Sikre korrekt bruk av digitale sporingssystem for full sporbarheit og dokumentasjon
Handtere maskiner og teknisk utstyr i samsvar med prosedyrer og krav til driftssikkerheit
Arbeide strukturert og effektivt for å sikre rett leveranse til rett tid
Oppretthalde orden, system og standard i seksjonen til ei kvar tid
Gjennomføre rutinekontrollar av reingjerings- og steriliseringsprosessar
Identifisere, melde og følgje opp avvik i tråd med gjeldande system
Delta aktivt i kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring
Utføre tildelte oppgåver med høg grad av sjølvstende og ansvar
KvalifikasjonarRelevant helsefagleg utdanning (helsefagarbeidar eller tilsvarande)
Fagskuleutdanning innan sterilforsyning, kirurgisk verksemd eller smittevern er ein fordel
Erfaring frå sterilforsyning eller arbeid med medisinsk utstyr er ønskjeleg
Generell god IT-kompetanse og teknisk forståing
God forståing for kvalitet, sporbarheit og krav til dokumentasjon
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2 eller tilsvarande)
Å vere personleg egna vert vektlagt ved tilsetting
Ufaglærte med motivasjon for å ta utdanning innan sterilforsyning eller smittevern blir også
oppmoda til å søkje. Seksjonen tilbyr strukturert og rettleidd opplæring gjennom eit eittårig
opplæringsprogram med tett fagleg oppfølging.
Personlege eigenskaparDu arbeider nøyaktig, strukturert og med høg grad av presisjon
Du følgjer prosedyrar og krav utan å gå på kompromiss med kvalitet
Du er komfortabel med bruk av moderne maskiner og digitale system
Du tek ansvar for eigne oppgåver og leverer stabil kvalitet over tid
Du tek ansvar for eigen læring og fagleg utvikling
Du har interesse for kvalitetssikring og smittevern
Du samarbeider godt med andre, og arbeider effektivt både i team og sjølvstendig
Du handterer eit høgt arbeidstempo på ein kontrollert og føreseieleg måte
Du er fysisk skikka til arbeidet, som inneber ståande arbeid og handtering av utstyr gjennom
arbeidsdagen
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom positive haldningar og profesjonell framferd
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, og spesielt menn vert oppmoda til å søkje for å
fremme kjønnsbalanse
Vi tilbyrEi sentral rolle i pasientsikkerheitsarbeidet ved sjukehuse
Eit sterkt fagmiljø prega av kompetanse, kvalitet og samarbeid
Strukturert og rettleidd opplæring gjennom eit eittårig opplæringsprogram med tett fagleg oppfølging
Hospitering på operasjon
Gode moglegheiter for vidareutdanning, inkludert fagskule i sterilforsyningsteknikk og smittevern
Ein seksjon i utvikling, med ny og moderne sterilsentral planlagt ferdigstilt i 2027
Sterkt tverrfagleg samarbeid på tvers av fagmiljø
Ein inkluderande arbeidsplass med fokus på samarbeid og gjensidig respekt
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning og gode forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonPeter Gjelsvik, Seksjonsleiar, Peter.Rene.Kviebakk.Gjelsvik@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5204142561
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 25.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.