Miljøarbeidar
Os vgs - Avd. HO/HT, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Os vidaregåande skule er ein kombinert skule som tilbyr studiespesialisering og yrkesfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette fordelt på to lokasjonar:
Kolgskogheiane og Gymnasvegen.
Ved studiespesialiserande tilbyr skulen fordjuping innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag.
I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring.
Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.
Skulen har frå 1. januar 2027 ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar.
Stillinga er for tida knytt til tilrettelagt opplæring, HTA og HTH.
ArbeidsoppgåverMiljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:
deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga
samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom
hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen
hjelper ev. til i samband med reise til og frå skule, og under ev. arbeidsutplassering i verksemd
KvalifikasjonarFagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar.
Relevant fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn.
Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule.
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi ønsker at du:
har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarer
samarbeider godt i team med føresette og kollegaer
er trygg, tydeleg og inkluderande
er initiativrik
deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyreit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom
eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv
løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
100% stilling men 89% lønn siden stillinga følger skuleruta.
KontaktinformasjonJan Kåre Greve, rektor, +47 91680978
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5193872301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.