Helsefagarbeider på avdeling Juvike
Øystre Slidre kommune
- Arbeidssted
- ØYSTRE SLIDRE, HEGGENES, INNLANDET
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike?
Avdeling Juvike er organisert under institusjonstenester på Øystre Slidre helsetun og er ei avdeling for personar med demens. Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med andre avdelingar. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Vi har eit vikariat som helsefagarbeider i 80% som er ledig frå no og eit vikariat i 90% som vil bli ledig frå haust 2026. Oppstart i stillingane kan avtalast nærare. Begge vikariata varer i ca 1 år.
Vi håper du vil søke og ser fram til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverGje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og miljøarbeid
Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
KvalifikasjonarFagbrev og autorisasjon som helsefagarbeider
Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan demensomsorg eller med erfaring frå arbeid innan fagfeltet
Gode norskkunnskapar
Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
Personlege eigenskaparPositiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring, miljøarbeid og velferdsteknologi
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyrEngasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg
Nødvendig opplæring og rettleiing
Kompetanseheving
Opplæring i fagsystem
Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søker melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
KontaktinformasjonAnne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201
ArbeidsstadBygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5171054922
Stillingsprosent: 80, 90%
Vikar
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.