Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Stipendiat i sannsynsteori

Universitetet i Bergen

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
3. jan. 2027
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Åremål
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i sannsynsteoriVed Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i sannsynsteori. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen. Om prosjektet/arbeidsoppgåverStillinga skal gje lovande kandidatar høve til å gjennomføre forsking på høgt nivå som fører fram til ein doktorgrad i sannsynsteori. Doktorgradsprosjektet vil ta opp grunnleggjande problemstillingar innan det breie fagområdet stokastiske prosessar på nettverk, med særleg vekt på modellar med langtrekkjande avhengnad og interaksjonar i rom og/eller tid. Stipendiaten vil verte ein del av eit aktivt og internasjonalt orientert forskingsmiljø og få høve til å samarbeide med forskarar ved partnarinstitusjonar i Europa. Prosjektet er knytt til det europeiske forskingsnettverket mSpace og gjev tilgang til workshopar, forskarskular og forskingsopphald.   Kvalifikasjonar og eigenskaparSøkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk, anvendt matematikk eller statistikk. Masterstudenter kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.03.2027. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Kompetanse innan felt i matematikk eller statistikk på mastergradsnivå som er relevant for pågåande forsking ved Matematisk institutt er eit krav. Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar  Erfaring på mastergradsnivå frå sannsynsteori og relaterte fagområde i teoretisk matematikk er ein fordel. Dokumentert kunnskap, ferdigheiter og erfaring innan eitt eller fleire av dei føljande fagområda er ein fordel:Stokastiske kjeder med uavgrensa minne Interagerande partikelsystem Matematisk statistisk mekanikk Tilfeldige nettverk Stokastisk geometri Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein fordel, da det er ønskeleg med kandidatar som kan undervise i førsteårsemnar. Skandinaviske språk likestillast med norsk.  Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgandeOm stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyrSpennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. Medlemskap i Statens pensjonskasse  Gode velferdsordningar Søknaden skal innehaldeei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.  CV karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergrad må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.  relevante attestar godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Førsteamanuensis Stein Andreas Bethuelsen, Matematisk Institutt, på stein.bethuelsen@uib.no eller instituttleiar Antonella Munthe-Kaas Zanna, Matematisk Institutt, på antonella.zanna@uib.no  For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.  Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.       Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.        Livet som ph.d.-kandidat ved UiBAstrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.