Planleggar
Tersan Havyard
- Arbeidssted
- HYLLESTAD, LEIRVIK I SOGN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 31. des. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Annet
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Arbeidsoppgåver
Som planleggar hos Tersan Havyard vil du vere ein nøkkelperson i prosjektgjennomføringa. Du bidrar til å skape oversikt, struktur og framdrift på tvers av fag og avdelingar.
Etablere, vedlikehalde og følgje opp prosjektplanar og timebudsjett for dei ulike produksjonsdisiplinane.
Utføre trendanalysar og aktivt evaluere framdrift i produksjonen.
Rapportere framdrift og timeforbruk i samsvar med byggestatus.
Bidra til kontinuerleg forbetring av malar, metodar, prosedyrar og verktøy innan planlegging.
Samarbeide tett med prosjektleiarar, avdelingsleiarar og produksjon for å sikre rett styringsinformasjon.
Aktivt bidra til samarbeid og sterke relasjonar på tvers av organisasjonen
Kvalifikasjoner
Erfaring som planleggar eller prosjektplanleggar – gjerne frå maritim, fornybar, olje/gass eller bygg/anlegg.
Høgare teknisk utdanning er ønskjeleg (relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning).
Erfaring med OPC eller andre planleggingsverktøy
God forståing for prosjektstyring, framdriftsanalyse og ressursplanlegging.
Meget gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Proaktiv, strukturert og sjølvgåande.
Analytisk og nøyaktig, med evne til å sjå heilskapen i prosjektet.
Gode samarbeidsevner og evne til å påverke og støtte andre fagområde.
Positiv, løysingsorientert og engasjert i kontinuerleg forbetring
Vi tilbyr
Ei sentral rolle i eit sterkt og tverrfagleg planleggingsteam.
Varierte prosjekt i eit internasjonalt skipsverftsmiljø.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad av arbeidsmetodikk.
Konkurransedyktige vilkår og eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
Stillingen er underlagt VP Production.
Søknadar vil bli vurdert fortløpande.
For meir informasjon kontakt Planleggingssjef Robert Borlaug; 906 27 732
Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!
Les meir om Tersan Havyard her
Nyskjerring på korleis det er å bu og arbeide i Hyllestad, les meir her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.