Politiførstebetjent - teamleiar
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Arbeidssted
- HARAM, VATNE, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVi søkjer ein dyktig etterforskar til ledig 2 års vikariat som politiførstebetjent/teamleiar ved Nordre Sunnmøre politistasjon!
Formålet med stillinga er at du skal vere med på å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskingsarbeidet i eininga. Du må også rekne med å delta i heile ansvarsfeltet som den geografiske driftseininga har i straffesaksbehandlinga. Du vil primært ha saksansvar i eiga saksportefølje, i tillegg til å vere ressursperson for andre etterforskarar ved eininga.
Det ligg også til stillinga å bli utpeikt til politifagleg etterforskingsleiar i dei sakene der det er behov for det.
Etterforskingsmiljøet ved Nordre Sunnmøre politistasjon er prega av å vere eit ungt etterforskarmiljø. Vi ønsker å bygge vidare på læring og utvikling i miljøet, og dette skal forsterkast vidare. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og utfordrande arbeidsoppgåver.
Du må pårekne arbeid innan krimvakttjeneste i helg, for tida kvar 6. kvar veke.
På Sunnmøre får du storslått natur rett utanfor døra og unike moglegheiter for toppturar, skikøyring og anna friluftsliv året rundt. Er du klar for nye utfordringar og ein spennande arbeidskvardag i ein av Noregs flottaste regionar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarVi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåveretterforske og gjennomføre taktisk etterforsking i eigne saker, herunder avhøyr mm.
utøve politifagleg etterforskingsleiing og ha fagleg ansvar for etterforsking i tildelte straffesaker
kvalitetssikring i straffesaksbehandlinga
rettleiing/opplæring av studentar og øvrige etterforskarar ved eininga
i samarbeid med påtalejurist prioritere, utføre og følgje opp etterforskingsskritt
bidra til å bygge kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet
bidra i politidistriktets fagmottak samt arbeide krimvakt kvar 6. helg
kan påleggast andre arbeidsoppgåver
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved
brei kompetanse og erfaring knytt til etterforsking
erfaring med prosjekt- og teamarbeid
god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med:
etter/-vidareutdanning innan etterforsking
relevant leiarerfaring er ein fordel
erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefølje
Personlege eigenskaparmotivasjon og interesse for etterforskingsfaget
heilskapsorientert, og kan sette retning og drive endring
strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
resultatorientert, herunder god gjennomføringsevne og kan skape resultat i samhandling med andre
Som medarbeider i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel ossei utfordrande og meiningsfull stilling i Møre og Romsdal politidistrikt
stillinga blir lønna som politiførstebetjent, stillingskode 0285, med brutto årslønn frå kr. 730 000 til kr. 760 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
mogelegheit for trening i arbeidstida
Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.