Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Leiar ungdomsklubb

Hå kommune Fritid

Arbeidssted
HÅ, NÆRBØ, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
4. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Prosjekt
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Hå kommune driv i dag tre godt besøkte ungdomsklubbar: Ogna ungdomsklubb (på Ogna – torsdagar), Lensmannsløa ungdomsklubb (på Varhaug – tysdagar) og Loen ungdomsklubb (på Nærbø – onsdagar). Det er ledig ei 25% prosjektstilling i perioden oktober og ut 2028 som ungdomsklubbleiar. Arbeidsområdet er for tida knytt til Vigrestad ungdomsklubb. Arbeidet går primært føre seg på ettermiddag/kveld på mandagar. Det blir òg gjennomført ulike arrangement gjennom året i tillegg til vanlege opningskveldar. Ungdomsklubbane i Hå er med i eit pilotprosjekt i samband med fritidsklubbløftet. I prosjektperioden skal det etablerast ein ny klubb, eksisterande klubbar skal forbetrast, kompetansen til dei tilsette skal styrkjast, det skal gjennomførast forsking på effektane av arbeidet, og ungdomsmedverknad og inkludering skal sikrast. Arbeidsoppgåver • Klubbleiar har ansvar for å drive ungdomsklubben og gjennomføre arrangement • Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson i møte med ungdommane • Skape og leggje til rette for aktivitetar og prosjekt i tråd med ønskje frå ungdommane • Delta i felles oppgåver som matlaging og rydding • Jobbe for å gi ungdommane kjensle av meistring og verdi • Planleggje og gjennomføre arrangement • Noko helgearbeid må påreknast Kvalifikasjonar • Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og unge, gjerne frå fritidsklubbfeltet • Utdanning innan relevant fagfelt er ein fordel • Politiattest må leggjast fram før tiltreding Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjonsevner • Ein tydeleg vaksen som evnar å setje grenser • Likar å vere saman med unge og er komfortabel med å ta ansvar • Engasjert i menneska rundt deg • God på relasjonsbygging og konflikthandtering • Praktisk anlagt • Godt humør og stå-på-vilje • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team • Løysingsorientert og fleksibel • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt Vi tilbyr • Ein variert og spanande arbeidskvardag der du sjølv kan vere med og skape innhaldet • Løn etter tariffavtale Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Politiattest Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding. Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.