Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar - 100% fast

Alver kommune

Arbeidssted
ALVER, LINDÅS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
26. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Om stillingaVi søkjer etter sjukepleiarar til 100 % fast stilling i todelt turnus. I utgangspunktet er dette arbeid kvar 3. helg, men om du ønskjer kan det  vere mogleg med arbeid kvar 4. helg i langvakter.  For eksterne søkjarar tilbyr vi rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltreding. Om avdelingaLindås bu- og servicesenter er ein sjukeheim sentralt på Lindås med plass til 25 bebuarar, fordelt på 17 somatiske plassar og 8 skjerma plassar for personar som lever med demens. Her jobbar det ein triveleg gjeng med godt humør og stort engasjement for eldreomsorg. Vi tilbyr ulike formar for aktivitet og underhaldning for våre bebuarar som bingo, konsertar, trim og mykje meir. Vi har ein flott hage som er til stor glede for både bebuarar og tilsette. For tida er det om lag 40 tilsette ved Lindås bu- og servicesenter. ArbeidsoppgåverSom sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved sjukeheimen. Du vil også rettleie studentar, elevar, lærlingar og kollegaer.  KompetansekravVi søkjer ein fagleg trygg sjukepleiar med gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å strukturere både eigen og andre sin arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta. God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysningsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Kven er du?Du har ein djup lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra til å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for bebuarar og kollegaer. Som ein sjølvstendig medarbeidar samarbeider du effektivt med andre. Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg. Vi tilbyrFagleg spennande arbeid Årsturnus Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk God pensjonsordning PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er AlverBli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.