Helsefagarbeidar- 100 %
Tysnes kommune
- Arbeidssted
- TYSNES, UGGDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Open omsorg søker helsefagarbeidar til heimebaserte tenesterOpen omsorg søker ein engasjert og dyktig helsefagarbeidar til våre heimebaserte tenester. Vi tilbyr ei 100 % fast stilling med arbeid på dag- og kveldsvakter, og i snitt kvar 3. helg.
Heimebaserte tenester gir helsehjelp til menneske i alle livsfasar. Målet vårt er at flest mogleg skal kunne bu heime så lenge som mogleg, med god livskvalitet, tryggleik og meistring i eigen kvardag. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, med moglegheit til å jobbe både sjølvstendig og i team – alltid med brukaren i sentrum.
Som tilsett hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø. Du vil møte eit breitt spekter av diagnosar, funksjonsnivå og behov, noko som gir deg varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi legg vekt på godt samarbeid, støtte og erfaringsdeling, og jobbar saman for å gi brukarane våre best mogleg tenester.
Vi tilbyr god opplæring og rettleiing, og dessutan moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, internundervisning og refleksjon i kollegagruppa. Vi ønsker at medarbeidarane våre skal vere trygge i rolla, samtidig som dei får utvikle kompetansen sin og bidra aktivt til vidareutvikling av tenestene.
Eit viktig satsingsområde hos oss er kvardagsmeistring. Vi arbeider målretta for at brukarane skal kunne vere så sjølvstendige som mogleg og oppleve meistring og livskvalitet i eigen kvardag.
Arbeidsoppgåver Utføre praktisk pleie- og omsorgsoppgåver i samsvar med planar og individuelle behov.
Vurdere behov og planlegge pleietilbod, og sette i verk og følge opp mål og tiltak.
Sikre god kontakt og samarbeid med pårørande.
Undervise og rettleie andre yrkesgrupper, kollegaer, brukarar, pårørande, lærlingar, studentar og elevar.
Delta aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid.
Dokumentere og rapportere i fagsystema.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov.
Som tilsett hos oss skal du hjelpe tenestemottakarane våre i daglegdagse gjeremål, og du må kunne handtere eventuelle situasjonar som oppstår på ein omsorgsfull og profesjonell måte.
KvalifikasjonskravMe ser etter deg som:
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, omsorgsarbeidar.
Erfaring med brukargruppa og arbeid med pårørande i alle aldrer.
Interesse og kjennskap til velferdsteknologi.
Har førarkort klasse B.
Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, jf. helse- og omsorgstenesteloven § 5-4.
Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Personlege eigenskaparVi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
er trygg i rollen din og evnar å ta ansvar.
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
er løysingsorientert, ser moglegheiter i utfordringar og tek initiativ.
ser og forstår heilskap i brukarane sin situasjon og er vant til å vurdere omsorgsnivå.
er strukturert, sjølvstendig og fleksibel.
bidrar til eit positivt og inkluderande arbeidsliv.
Kvifor skal du jobba hos oss?Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Me tilbyr ein variert og lærerik arbeidskvardag der du får utfordre deg sjølv, utvikle kompetansen din og bidra til noko som betyr noko. Du vil oppleve eit trygt og støttende arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i sentrum.
Hos oss får du rammer som sikrer deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid i snitt kvar 3.helg.
Tysnes kommune legg vekt på å skape helsefremjande arbeidsplasser, og som tilsett hos oss blir du ein viktig del av satsinga vår på kvalitet og tryggleik i eldreomsorga.
Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordninger og høve til å søka om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i fagarbeiderstilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlinger. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringer.
I Tysnes kan du få mulighet for kr 25 000 i avskriving av studielånet ditt årlig frå 2026, gjennom Ny ordning for distriktskommuner.
Informasjon til søkarSøkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.