Barne- og ungdomsarbeider ved Giske skule og SFO
Giske kommune
- Arbeidssted
- GISKE, VALDERØYA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 9. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi har ledig eit vikariat i 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Giske skule og SFO frå snarast til 31.07.2027.
Giske skule er ein 1 – 7 skule med 84 elevar. Rundt 25 av desse går på SFO.
Visjonen vår er «Ein god stad å vekse» - Vi samarbeidar, vi undrar oss, vi utviklar oss og vi er rause. Giske skule har fokus på praktisk, variert og aktiv læring, mellom anna gjennom uteskule, leik og fysisk aktivitet. Lesing, skriveglede og bruk av skulebiblioteket er viktige delar av arbeidet med å skape lærelyst og gode læringssituasjonar.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Menn blir oppfordra til å søkje. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
ArbeidsoppgåverLeike, lære og utforske i lag med barn, både inne og ute.
Ta initiativ til og ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar og støtte barn til godt samspel og leik.
Samarbeide tett og godt med barn, føresette og kollegaer.
Støtte og hjelpe elevar med ulike behov for meistring av skulekvardagen.
Hjelpe til med praktiske oppgåver i samband med skulekvardagen.
KvalifikasjonarVi ønsker helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre kan også søkje.
Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
Vere trygg i konflikthandtering.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
God digital kompetanse.
Personlege eigenskaparEvne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.
Vi tilbyrLøn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.
KontaktinformasjonChristine Langeland, einingsleiar/rektor, 41675114
ArbeidsstadValderhaug 4
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5198460195
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 09.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.