Vil DU vere med på å utforme framtida si helseteneste i Ål kommune?
Ål kommune Avdeling Meistring
- Arbeidssted
- ÅL, BUSKERUD
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Prosjekt
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ål kommune søkjer ein fagleg engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til ei spennande kombinasjonsstilling. Stillinga består av eit 50 % vikariat som ergoterapeut og ei 50 % prosjektstilling innan digital heimeoppfølging (DHO) og e-helse, med varigheit på eitt år.
Gjennom prosjektet skal Ål kommune etablere digital heimeoppfølging som del av den vidare satsinga på velferdsteknologi og e-helse. Målet er å sikre betre oppfølging gjennom tidleg oppdaging av endringar i helsetilstand, styrke innbyggjarane si meistring, redusere behovet for fysiske konsultasjonar, samt å ta i bruk teknologi innan rehabilitering, trening og aktivitet.
Som ergoterapeut vil du vere ein viktig ressurs i arbeidet med rehabilitering, hjelpemiddelformidling og implementering av velferdsteknologiske løysingar. Dette gir ei unik moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med utviklings- og prosjektarbeid.
Me tilbyr
Ein spanande og variert stilling med stor moglegheit til å påverke utviklinbga av helse og og omsorgstenestene i Ål kommune
Eit tverrfagleg og engasjert arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse med mellom anna
etablert tilbod om kronikaromsorg i legetenesta med dyktige spesialsjukepleiarar
regionalt prosjekt med å ta i bruk meistringsteknologi
tett regionalt samarbeid om digitalisering og e-helse knytt til Hallinghelse
etablert prosjektgruppe som er tverrfagleg samansett
internundervisning og fagleg påfyll
arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.
Arbeidsoppgåver som er ergoterapeut
Kvardagsrehabilitering i samarbeid med fysioterapeut og heimeteneste
Førebygging, behandling og rehabilitering i og utanfor institusjon
Hjelpemiddelformidling og oppfølging
Kartlegging av funksjon aktivitet og behov for tiltak
Rettleiing til brukarar, pårørande og samarbeidspartar.
Arbeidsoppgåver som prosjektleiar
leie planlegging, forankring, riskikoanalyse, utprøving og gjennomføring av digital oppfølging og e-helse
Bidra til evaluering og gevinstrealisering av tiltak
samarbeide med interne og eksterne aktørar, inkludert pårørande
sikre brukarmedverknad og- involvering
vere pådrivar, rettleie og støtte personell i bruk av teknologiske løsninger
bidra i utvikling og testing av nye velferdsteknologiske løysningar i samarbeid med fagmiljø og leverandørar
delta i utarbeiding og vidareutvikling av rutinar og prosedyrar for bruk og vedlikehald av velferdsteknologi
brukaroppfølging og tilpassing av teknologiske løysingar i samarbeid med helsepersonell
følgje opp nasjonale fellesløysingar og vurdere korleis dei kan nyttast betre lokalt
Kvalifikasjonar
offentleg godkjend ergoterapeut.
interesse for eller erfaring med velferdsteknologi, digitalisering eller e-helse
god digital kompetanse
god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
førarkort klasse B.
Det er ynskjeleg med:
erfaring frå kommunehelsetenesta.
erfaring frå prosjektarbeid, forbetringsarbeid eller tenesteutvikling.
forståing for systematisk kvalitetsforbetring.
kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern og risikovurdering.
Personlege eigenskapar
trivst med å kombinere klinisk arbeid og prosjektarbeid
initativrik og utviklingsorientert
nysgjerrig, engasjert, strukturert og løysingsorientert
sjølvstendig , men også ein lagspelar
trygg i rolla som fagperson og komfortabel med tverrfagleg samarbeid
god til å motivere, rettleie og involvere kollegaer
tydeleg pasient- og brukarfokus
god rolleforståing og gjennomføringsevne
har gode samarbeids. og kommunkikasjonsevner
opptekenn av kvalitet, pasientsikkerheit og brukarmedverknad
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Send søknad og politiattest
vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Utdanning, opplæring og kurs
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning og vidareutdanning for personleg vekst med gode stødnadsordningar: Det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Bu og jobbe i Ål
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! .
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga.
Velkomen som søkjar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.