Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fagarbeidar/assistent i skule og SFO

Solevåg skule, Sula kommune

Arbeidssted
SULA, EIDSNES, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
23. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du ein positiv rollemodell, leiken og har hjarte for barn og unge? Solevåg skule søker etter fagarbeidar/assistent i inntil 95% for komande skuleår. Vi har behov for gode vaksne som likar varierte arbeidsdagar og som kan arbeide både i skule og SFO. Skulen vår har om lag 185 elevar frå 1.-7. trinn, samt omlag 80 aktive barn i SFO. Vi har eit godt arbeidsmiljø der folk trivst, eit flott uteområde og det er kort veg til fleire fine naturområde. Det er ønskeleg oppstart frå 5.januar 2027, eller etter nærare avtale. Vi tek omsyn til eventuell oppseiingstid. ArbeidsoppgåverHos oss blir du ein viktig del av elevane sin kvardag, og vil:  delta i arbeidet med å planlegge, leggje til rette for, koordinere og gjennomføre aktivitetar saman med elevar i klasser og grupper i både skule og SFO. Arbeid med enkeltbarn er også aktuelt. vere ei trygg og tydeleg rollemodell i skule og SFO. følge opp og rettleie barn i leik og aktivitetar i friminutt og uteaktivitetar. jobbe med barn som har spesielle behov. ha eit ekstra auge på positiv merksemd, evne å setje tydelege grenser og lage gode rutinar for seg sjølv og elevane Det kan bli aktuelt med arbeid tett på elevar som har stort behov for oppfølging, hjelp og støtte. KvalifikasjonarVi søkjer etter ein god og trygg rollemodell som har: utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Gode vaksne med anna relevant kompetanse og bakgrunn kan også vere aktuelle.  grunnleggande IKT-kompetanse god kompetanse i norsk språk, munnleg og skriftleg Vi har også ønskje om at du har erfaring frå arbeid med barn og unge, og/eller barn med stort oppfølgingsbehov.  Personlege eigenskaparKven er du? Vi søkjer etter vaksne som: likar å vere saman med barn og unge, og likar fysisk aktivitet ute og inne er ein tydeleg vaksen/rollemodell som legg vekt på å bygge gode relasjonar i elevgruppa kan jobbe sjølvstendig og ta raske avgjerder, men også er ein lagspeler. er positiv og vektlegg samarbeid. er løysingsorientert. I tilsettingsprosessen vil vi leggje vekt på om søkjaren er personleg eigna for stillinga. Vi tilbyrVi kan tilby: ei spennande og utviklande stilling som fagarbeidar/assistent i skule og SFO. eit triveleg og inkluderande skole- og arbeidsmiljø. arbeidsklede gratis parkering tilsetjing på vanlege kommunale vilkår KontaktinformasjonBørre Andreas Hagen, Rektor Arbeidsstadsolavågseidet 57 6037 Eidsnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5207647920 Stillingsprosent: 90% Fast Søknadsfrist: 23.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.