Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Kunderådgjevar personmarknad

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
7. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi skal bli større i Bergen. Vil du vere med?  Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har ambisjonar om å ta ein sterkare posisjon i Bergen, og har nyleg styrka satsinga vår gjennom oppkjøp av ei større eigedomsmeklarverksemd. Dette gir oss fleire kundemøter, fleire moglegheiter og eit breiare grunnlag for vekst.  No ser vi etter rådgjevarar som vil vere med på neste fase. Vi ser etter deg som skapar relasjonar, utviklar di eiga kundeportefølje og får resultat. Du blir motivert av å vinne kundar, byggje tillit over tid og sjå at eigen innsats gir konkrete resultat.  Vi har klare ambisjonar for Bergen. Målet er å få fleire kundar, styrke marknadsposisjonen vår og byggje eit endå sterkare rådgjevarmiljø.   For å lukkast treng vi tilsette som kombinerer kommersiell teft med evna til å skape gode kundeopplevingar. Hos oss får du jobbe med heile breidda av tenestene til banken innan lån, sparing og forsikring, samtidig som du dreg nytte av eit tett samarbeid med spesialistar og eit breitt fagmiljø.  Ønskjer du større påverknadskraft, kortare veg til avgjerder og høve til å vere med på å forme ei satsing i vekst, bør du søke på denne stillinga.    Dette skal du jobbe med  Bygge og utvikle di eiga kundeportefølje  Gi rådgiving innan lån, sparing og forsikring  Skape nye kunderelasjonar og vidareutvikle eksisterande kundeforhold  Bidra til vekst og utvikling i personmarknaden i Bergen  Samarbeide tett med kollegaer og fagområde for å skape gode kundeopplevingar  Kven ser vi etter?  Du bygger relasjonar og skapar tillit. Du er nysgjerrig på behova til kundane, ser moglegheiter og likar å finne gode løysingar.  Det er ein fordel om du jobbar som rådgjevar i bank i dag, eller ein anna jobb der forsikring, eigedom, rådgjeving, relasjonar og kundeutvikling står sentralt. Det viktigaste for oss er likevel at du har driv, kommersiell forståing og lyst til å vere med på å bygge noko.  Du blir motivert av å skape resultat, ta initiativ og utvikle relasjonar over tid. Du ønskjer også å bidra til eit miljø der ein deler kompetanse, utfordrar kvarandre og lukkast saman.  Relevant høgare utdanning er ein fordel. Autorisasjon som finansiell rådgivar er ønskjeleg, men ikkje eit krav.  Kvifor velje oss?  Det finst mange rådgjevarjobbar i Bergen. Dette er eit høve til å vere med på ei satsing.  Du blir ein del av eit etablert team med ambisjonar om vidare vekst. Du får påverke korleis vi utviklar satsinga på personmarknaden i Bergen og omland i åra som kjem.  Hos oss får du korte avgjerdsvegar, stor grad av tillit og høve til å ta ansvar. Vi trur dei beste resultata blir skapt når flinke folk får handlingsrom til å utvikle seg.  Som fast tilsett blir du òg medeigar i banken. Du får gode vilkår for tilsette på lån, sparing og forsikring, fleksibilitet i arbeidskvardagen og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.  Høyrest dette interessant ut? Ta ein uforpliktande prat med banksjef Torunn Steimler. Vi fortel gjerne meir om ambisjonane våre i Bergen og moglegheitene som ligg framfor oss.  Søknadsfrist: 7. oktober  Vi går gjennom søknadene fortløpande, så ikkje vent med å søke!  Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for å verifisere opplysningar som kjem fram i CV-en og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om og har samtykt til dette.  Søkaren som får tilbod om stillinga, må legge fram politiattest.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.