Driftsleiar Nordfjord
Firda Billag Buss AS
- Arbeidssted
- STRYN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaFirda Billag Buss AS har ansvar for bussrutene i Nordfjord, og vi søkjer no ein driftsleiar som vil spele ei sentral rolle i å sikre god og effektiv drift. Dette er ei leiarstilling med stor påverknadskraft, der du får ansvar for både dagleg trafikkavvikling og strategisk utvikling av rutepakka Nordfjord.
AnsvarsområdeSom driftsleiar har du det overordna ansvaret for at rutedrifta går som planlagt – frå tilrettelegging og oppfølging av sjåførar og materiell til god dialog med oppdragsgjevar Skyss. Du blir ein nøkkelperson for kvalitet og leveranse.
Stillingen inkluderer personalansvar for avdelinga, som består av tre tilsette i administrasjonen og om lag 50 sjåførar. Du vil ilag med teamet ditt, leie, motivere og utvikle medarbeidarane dine, og bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø.
I tillegg vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikle marknaden for kommersielle bussturar i Nordfjord.
ArbeidsoppgaverLeie og tilrettelegge for effektiv drift av bussmateriell og ruteplanlegging
Følgje opp måltal for kontraktsområdet Nordfjord
Personal- og HMS-ansvar for avdelinga
Sikre kvalitet og kontinuerleg forbetring i drifta
KvalifikasjonarVi ser etter deg som har relevant utdanning og leiarerfaring. Erfaring frå transport og logistikk er ein fordel, men ikkje avgjerande – det viktigaste er at du har evne til å leie og skape struktur i ein hektisk kvardag.
Vi søkjer deg somLikar å jobbe med folk og byggje gode relasjonar
Har fokus på utvikling og kontinuerleg forbetring
Kommuniserer tydeleg og skapar tillit
Er sjølvdriven, ansvarsbevisst og har god arbeidskapasitet
Leiar med fokus på kvalitet og våre verdiar
Er serviceinnstilt og lyttar til både kundar og medarbeidarar
Har, eller ynskjer å tilegne seg teknisk forsåelse av drifta og materiellet vårt.
Har gode ferdigheiter på PC
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn og bakgrunn. Som IA-bedrift legg vi til rette for gode arbeidsforhold.
Vi tilbyrKonkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar
Ein trygg arbeidsplass med engasjerte kollegaer
Varierte oppgåver i eit miljø der folk brenn for jobben sin
Moglegheit for kurs og kompetanseheving
Tilgang til bedriftshelseteneste
Spørsmål om stillingaVi ser fram til å høyre frå deg!
Har du spørsmål? Ta kontakt med dagleg leiar Lars Andreas Kårstad, tlf. +47 95 98 81 94.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.