Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Senioringeniør (ATK-medarbeider)

Statens vegvesen

Arbeidssted
DRAMMEN, BUSKERUD
Publisert
Søknadsfrist
6. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaAutomatisk trafikkontroll (ATK) er eit viktig verkemiddel for å redusere ulykker og bidra til tryggare trafikk på norske vegar. No søkjer vi ein IT/OT-spesialist som vil vere med og vidareutvikle fagområdet og sikre robuste, sikre og framtidsretta løysingar. Kjenner du deg igjen i skjeringspunktet mellom teknologi, drift, tryggleik og samfunnsoppdrag? Synest du det er spennande å sjå samanhengen mellom system, dataflyt, infrastruktur og teknologi ute i felt? Då kan dette vere arbeidsområdet for deg. Du blir ein del av ATK-seksjonen i Trafikksikkerhetsavdelingen, der du vil bidra til å utvikle og forvalte nasjonale løysingar som har direkte betydning for trafikktryggleiken i Noreg. Rolla kombinerer teknologiforståing, fagutvikling, leverandørdialog og strategisk arbeid, og gir gode høve til å påverke utviklinga av eit viktig nasjonalt fagområde. ArbeidsoppgåverSom Senioringeniør (ATK-medarbeider) med hovudfokus på IT/OT-løysingar vil du bidra til forvaltning, koordinering og vidareutvikling av den nasjonale ATK-porteføljen. Du vil mellom anna få jobbe med å; etablere og halde ei heilskapleg oversikt over ATK-landskapet ved like innan IT og OT, inkludert arkitektur, integrasjonar og dataflyt bidra til at teknologi, system og prosessar fungerer godt saman, og vere fagleg premissgivar for tekniske retningar, standardar og prinsipp samarbeide med arkitekturmiljø, IT-drift og andre fagområde om teknologival, overvaking, hendingshandtering og endringsarbeid vurdere nye løysingar, integrasjonar og teknologiske utviklingsmoglegheiter og dessutan identifisere tekniske risikoar og forbetringstiltak følgje opp leverandørar, avtalar og kontraktar og bidra i anskaffingar gjennom kravarbeid, evaluering og tekniske vurderingar omsetje faglege behov til tekniske krav og bidra i utviklingsarbeid og prioriteringar gjennomføre opplæring og bidra til kompetanse- og fagutvikling i seksjonen I det daglege vil du samarbeide tett med fagpersonar innan trafikktryggleik, IT, arkitektur, drift, leverandørmiljø og andre interne og eksterne samarbeidspartnarar. Kvifor skal du velja oss?Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.  Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet. Vi tilbyr deg også desse goda: Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning Som ansatt får du tilgang til nærmere 50 utleieobjekter i hele landet Vi jobber aktivt gjennom IA-avtalen for å skape en helsefremmendeog inkluderende arbeidsplass for alle ansatte Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår. KvalifikasjonskravDu må ha: minimum tre års utdanning frå universitet eller høgskule innan eksempelvis IT, elektronikk, automasjon, industriell IT eller tilsvarande fagområde god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk erfaring med OT-system, gjerne knytt til sensorar, kamera eller annan industriell teknologi erfaring med integrasjonar og API-baserte dataflytar God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt   Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet. Det er i tillegg ønskjeleg at du har: kjennskap til industriell IT, Iot-løysingar og teknologi i felt erfaring frå prosjektarbeid, prosjektstyring og teknisk leverandøroppfølging kompetanse innan IT/OT-tryggleik, risikoanalyse og personvern erfaring med teknisk og juridisk dokumentasjon, kontraktsdialog og kvalitetssikring erfaring med kritisk infrastruktur og forståing for nettverks- og tryggingsløysingar Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR:  Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt. Personlege eigenskapar:  For å lykkast i rolla trur vi at du: evner å sjå heilskapen samtidig som du har merksemd på detaljar arbeider strukturert og systematisk med komplekse problemstillingar har gode samarbeidsevner og byggjer tillit på tvers av fagmiljø kommuniserer tekniske problemstillingar på ein forståeleg måte tek initiativ, prioriterer godt og gjennomfører utviklings- og forbetringsarbeid Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet. Om søknadsprosessenKrav til søknaden Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine. Testar og bakgrunnssjekk For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering. Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk. Positiv særbehandling Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.  Søkjarlista er offentleg Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.