Seksjonsleiar
Teknisk drift Førde sentralsjukehus
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du jobbe med eigedomsdrift og utvikling?
Drift og eigedom i Helse Førde søkjer ein engasjert og løysingsorientert seksjonsleiar til ei spennande stilling ved Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus. Dette er ein unik sjanse for deg som ønskjer å kombinere byggfagleg kompetanse med strategisk leiing innan eigedomsområdet. Fagområdet er i stadig utvikling, og bygningsmassen er ein viktig føresetnad for effektiv drift av sjukehuset. Stillinga er ledig for tilsetjing frå 01.10.2026.
Om seksjonen
Seksjonen har 20 tilsette og er i dag organisert i Teknisk driftsavdeling, som tilhøyrer klinikk for Drift og eigedom. Seksjonen har ansvar for drift og vedlikehald av bygningsmassen ved Førde sentralsjukehus med tilhøyrande tekniske anlegg. Seksjonen har òg eit avgrensa ansvar for Sunnfjord medisinske senter i Florø.
Seksjonsleiar rapporterer til Avdelingssjef for Teknisk drift.
Kvifor velje oss?
Sjukehusbygg er dei mest komplekse og moderne bygga i landet, med avansert teknologi og tekniske system som utfordrar kompetansenivå og behov for nytenking.
Hos oss får du ein variert og engasjerande arbeidskvardag med personalansvar for dyktige fagfolk med allsidig kompetanse. Du blir ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø lokalt, regionalt og nasjonalt.
Kontorstad er Førde sentralsjukehus.
Sunnfjord har mykje å tilby: Jobbe, leve og bu i Sunnfjord!
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar og ser fram til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverSentrale arbeidsoppgåver for stillinga er:
Leie og utvikle seksjonen i tråd med Helse Førde sine mål og strategiar
Sikre forsvarleg drift og vedlikehald av Førde sentralsjukehus med tilhøyrande bygningsmasse
Ansvar for investeringar, driftsprosjekt, anskaffingar og livsløpsforvaltning av utstyr og bygg
Personal-, fag- og økonomiansvar for avdelinga
Samarbeide tett med kliniske avdelingar i utvikling av bygningsmassen
Brei kontakt med leverandørar og brukaravdelingar
Følgje opp krav innan kvalitet, pasienttryggleik og regelverk
KvalifikasjonarVed val av kandidat vil følgjande kvalifikasjonar bli vektlagt:
Må beherske norsk og engelsk skriftleg og munnleg
Erfaring med økonomistyring og prosjektleiing
Leiarerfaring, gjerne frå eigedomsdrift
God systemforståing
Kompetanse innan byggfag, elektro eller VVS vil vere ein fordel
Prosjekterfaring
Utdanningsnivå
Høgskule
Fagskule/fagbrev
Personlege eigenskaparVi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og ser spesielt etter desse eigenskapane:
Evne til å jobbe systematisk og sjølvstendig, gode kommunikasjonsevner og positiv innstilling
Tydeleg og inkluderande leiarstil
Strategisk og løysingsorientert
Strukturert og gjennomføringssterk
Serviceinnstilt og evne til å motivere og utvikle dei tilsette
Vi tilbyrLønn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Triveleg arbeidsmiljø
Eit kompetent og engasjert fagmiljø
Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonPer Arne Flølo, Direktør Drift og eigedom, (+47) 578 39 340
Terje Jan Nes, Avdelingssjef Teknisk driftsavdeling, (+47) 415 30 517
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5174784094
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.