Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar

Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
18. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP)  har no ledig 100% fast stilling! I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon. Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre. Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med førstelinjetenesta. Det kan også verte høve for tilsetting i eitt årsvikariat. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!  ArbeidsoppgåverUtgreiing og behandling av psykiske vanskar Rettleiing til foreldre/føresette Rettleiings- og konsultasjonsoppgåver til samarbeidspartar KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Ynskjeleg med vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar eller pediatrisjukepleiar Sosionom/klinisk sosionom eller barnevernspedagog/klinisk barnevernspedagog kan og være aktuelle for stillinga Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern, barnevernstenesta eller erfaring frå familieorientert arbeid vert vektlagt God munnleg og skriftleg framstillingsevne Gode datakunnskapar God kjennskap til lover og forskrifter Politiattest må framleggast Sertifikat for bil er ynskjeleg på grunn av utadretta arbeid Personlege eigenskaparDu har evne til å jobbe i team Du har evne til å omstille deg i forhold til ulike situasjonar og pasientforløp Du er målretta, løysningsorientert og fleksibel Du har god kommunikasjonsevne Du kan både arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre Ved tilsetting vert det lagt vekt på personleg dugleik og på evne til samarbeid, samt effektivitet. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Høve til fagleg utvikling Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og her. KontaktinformasjonKari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.no ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5202400899 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.