Bemanningseininga har ledig stilling for helsefagarbeidar
Sunnfjord kommune Bemanningseininga
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du ha ein variert og fagleg spanande kvardag?
Er du fleksibel, engasjert og trivst med å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Bemanningseininga i Sunnfjord kommune søkjer deg som er helsefagarbeidar og vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg.
I Bemanningseininga får du jobbe med ulike menneske, i ulike einingar – frå institusjon og heimetenester til psykisk helse og bu- og miljøteneste. Her får du høve til fagleg utvikling, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi har ledig:100 % fast stilling som helsefagarbeidar
Vi kan tilby:tillegg på kr 20.000,- for å jobbe i Bemanningseininga
kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver:dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte
fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
legemiddelhandtering
sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
sikre journalføring
Krav til søkar:fagbrev som helsefagarbeidar
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
godkjent politiattest
gode IKT kunnskapar
bør ha førarkort klasse B
Vi søker deg som:har eit ekte engasjement for å jobbe med menneske med ulike behov, og møter kvar enkelt med respekt og omsorg
trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team
er ein god lagspelar som bidreg til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
er fleksibel, trygg og open for endringar
held deg fagleg oppdatert og er ein pådrivar for kvalitet og god etisk praksis
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.