Vil du byggje vidare på eit sterkt forskingsmiljø i Sogndal?
Vestlandsforsking
- Arbeidssted
- SOGNDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25.11.2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
I Sogndal arbeider forskarane i Vestlandsforsking med spørsmål som angår langt fleire enn dei som bur her. Blant anna korleis lokalsamfunn møter klimaendringane, og korleis ny teknologi kan bidra til eit meir berekraftig og inkluderande samfunn. Kunnskapen utviklar vi saman med kommunar, næringsliv og forskingspartnarar i og utanfor Europa. No søkjer vi ein direktør som vil gi dette arbeidet gode vilkår og større gjennomslag.
Du kjem til eit sjølvstendig forskingsinstitutt med engasjerte medarbeidarar, stor fagleg fridom og eit arbeidsmiljø prega av tillit. Her finst både vilje til å utforske nye spørsmål og erfaringa som trengst for å gjere idear til forskingsprosjekt. Saman med medarbeidarane og styret skal du utvikle instituttet vidare og bidra til å styrkje Vestlandsforsking sin posisjon som eit leiande forskingsinstitutt innan klima og miljø, reiseliv, teknologi og samfunn.
Som direktør har du ansvar for utviklinga, økonomien og den daglege drifta ved instituttet. Du støttar leiarane og fagmiljøa og bidreg til at vi rekrutterer og held på dyktige folk. Gjennom kontakt med styresmakter, finansieringskjelder og samarbeidspartnarar skal du opne dører for forskinga, samle partnarar om større satsingar og styrkje finansieringsgrunnlaget og posisjonen til instituttet.
KVEN SER VI ETTER?
Vi søkjer ein trygg og samlande leiar som forstår kva som skal til for at sjølvstendige fagfolk lukkast. Du er synleg og tilgjengeleg, støttar leiarane og gir rom for faglege initiativ. Samstundes evnar du å sjå heilskapen, prioritere og ta avgjerder. Du lyttar og involverer, og sørgjer for at viktige prosessar kjem i mål.
Du har relevant høgare utdanning og god leiarerfaring frå ei kunnskapsverksemd eller anna verksemd med tilsvarande kompleksitet. Du har leia medarbeidarar og leiarar med høg fagleg kompetanse og forstår samanhengen mellom aktivitet, ressursbruk og økonomiske resultat. Erfaring med prosjektbasert verksemd og ekstern finansiering er ein fordel.
Du byggjer tillit og relasjonar både internt og eksternt, og forstår korleis politiske og administrative avgjerder påverkar handlingsrommet til ei verksemd. Erfaring frå forskings- og instituttsektoren er ein fordel, men bakgrunn frå politikk eller offentleg forvaltning er og interessant, kombinert med relevant leiarerfaring og forståing for kunnskapsorganisasjonar. Personlege eigenskapar og korleis du brukar dei i leiarskapet ditt, vil bli tillagde stor vekt.
Arbeidsstaden er Sogndal. Du må ønskje å vere til stades i organisasjonen og bli godt kjend med menneska og miljøet du skal leie.
Lytt til podkasten der styreleiar Silja Ekeland Bjørkly deler tankar om Vestlandsforsking og rolla som direktør. Du finn episoden i podkasten «Human talk» på Spotify.
Ønskjer du ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga?
Vår rådgivar i Human tek gjerne ein uforpliktande og konfidensiell prat med deg. Ta kontakt med Morten Myhren på telefon 482 24 660. Du kan òg ta kontakt med styreleiar i Vestlandsforsking, Silja Ekeland Bjørkly på telefon 920 54 851.
Søknadsfrist: 25.11.2026
Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste i tråd med offentleglova. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom reservasjon ikkje blir teke omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.