Matros i 3:3 turnus
Fjord1 - Maritim Drift
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 21. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Fjord1 søker ein matros i sambandet Halhjem - Våge, trafikert av vår moderne elektriske ferje MF Kommandøren.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har eitt døgn fri i ein periode på 3 veker, deretter har du 3 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Halhjem eller Våge, då rederiet ikkje har bufasilitetar det døgnet ein har fri.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk
og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Med kort reisetid – kun 30 minutt frå Bergen til Halhjem – er det enkelt å få ein god balanse mellom jobb og fritid.
Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Vi vurderer kandidatar fortløpande.
ArbeidsoppgåverBillettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
Oppgåver knytt til alarminstruks
Verne- og miljøarbeid
Kundehandsaming
KvalifikasjonarFagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskaparVi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
Døgnskift: 1 døgn om bord, 1 døgn fri i ein periode på 3 veker, etterfulgt av 3 veker fri.
Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
Reise er ikke dekket.
Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
ArbeidsstadHalhjemsvegen 275
5208 Os
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5191546298
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.