Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Fagarbeidarar fast og vikariat

Austevoll kommune

Arbeidssted
AUSTEVOLL, STOREBØ, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
20. sep. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
3

Stillingsdetaljer

Om arbeidsstadenKommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde. Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.   Om stillingaLedige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO – inntil 80 % Storebø skule har ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar: Fast stilling på inntil 80 % Vikariat i perioden 01.10.2026–31.07.2027 Vikariat i perioden 01.10.2026–28.02.2027 Ansvars- og arbeidsoppgåver Elevassistent i skule og SFO. Arbeid med elevar med særskilde behov i undervisning og friminutt. Deltaking i, og oppfølging av skulen sine satsingsområde. Samarbeid med lærar og deltaking i team for assistentar. KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar og/eller relevant helsefagleg/pedagogisk utdanning. Anna relevant utdanning/erfaring kan bli vurdert. Personlege eigenskapar Du må kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver. Det vert stilt krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevne. Godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt. Du må like å vere i fysisk aktivitet ute og inne. Vi tilbyrMoglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø Spanande utfordringar Gode pensjons- og forsikringsordningar Slik søker duSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.