ALIS / Spesialist i allmennmedisin
Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune
- Arbeidssted
- SYKKYLVEN, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
VIKARIAT SOM FASTLEGE
Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legesenteret i Sykkylven kommune.
Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting.
Vi har ledig eit vikariat frå desember 2026
100% spesialist i allmennmedisin/ALIS
Sykkylven legesenter er kommunalt drive, og har 9 legeheimlar og LIS 1 lege. Eit team med dyktige legar og eit erfarent hjelpepersonell. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune som omfattar 3 fast tilsette legevaktslegar og sjukepleiarar ved legevakt på kveld og helg.
Legesenteret og legevakta er lokalisert i nye lokaler i Sykkylven Helsehus saman med heimebasert omsorg og psykisk helse og rus. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og samarbeid på tvers av avdelingar og einingar i kommunen.
Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du har som fastlege i Sykkylven, og kvifor vi ønsker å ha deg med på laget.
ArbeidsoppgåverGenerelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk
Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid inntil 7,5 timar per veke
Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane
Deltakelse i helsestasjonarbeid
Deltaking i legevaktsordning. Det er lav vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS
KvalifikasjonarHar norsk autorisasjon som lege
Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt.
Meistrar norsk munnleg og skriftleg og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå)
Personlege eigenskaparDu er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
Du har evne til utvikling og nytenking
Løsningsorientert og endringsvillig
Du er fleksibel
Personlig egnaheit vektleggas
Vi tilbyrGodt arbeidsmiljø
God kollegial støtte og samarbeid
Dyktig hjelpepersonell
Kollegiale møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd
Næringsdrift/kommunal tilsetting
Låg vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
Lønn etter avtale
Nytt og framtidsretta lokale
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
KontaktinformasjonKanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no
ArbeidsstadAuregata 19
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5172041825
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.