Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Lærar i Sal, service og reiseliv

Stend Vgs

Arbeidssted
BERGEN, FANA, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
2. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Denne stillinga er knytt til ei elevgruppe som ønskjer opplæring gjennom praktisk arbeid, konkrete oppgåver og tett oppfølging. Samtlege elevar mottar ITO.  ArbeidsoppgåverAdministrativt arbeid rundt individuelt tilrettelagt opplæring (ITO) Samarbeid med kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartnarar Planlegging og gjennomføring av undervisning gjennom reelt arbeid, eksempelvis Drift av skulen sitt sentrallager Drift av skulens vaskehall Truckopplæring og sikkerheitsarbeid Arbeid i skulen si gardsbutikk Kundeservice og ulike serviceoppdrag på skulen KvalifikasjonarRelevant fagleg bakgrunn innen sal og service Undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning Kvalifiserte søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår Erfaring frå sal og kunderetta verksemd Praktisk erfaring frå arbeidsliv relevant til elevgruppa og programfaga Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Relevant yrkeserfaring kan kompensere for delar av dei formelle kvalifikasjonskrava Personlege eigenskaparDu har erfaring frå sal, service, marknadsføring og kundearbeid Du har erfaring med elevgruppa Du trivst med å arbeide på praktiske arenaer og tett saman med ungdom Du har evne til å skape gode relasjonar og bygge tillit Du er roleg, tydelig og strukturert i møte med elevar Du har god forståing for korleis teori kan omsetjast til praktisk læring Du trivst med ansvar og varierte arbeidsdagar Du er ein lagspelar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet Du er åpen for skulen og avdelinga sitt pedagogiske grunnlag Vi tilbyrLøns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø. Andre opplysningar: Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.KontaktinformasjonLars Ivar Søvik, avdelingsleiar, 95898287 ArbeidsstedFanavegen 249 5244 Fana Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5182226101 Stillingsprosent: 30% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.