Psykologspesialist
Akutt Døgn, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Psykiatrisk klinikk har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist i Førde.
Stillinga er plassert ved Akutt Døgn, og psykologspesialisten inngår i behandlarteam saman med overlegar, legar i spesialisering (LIS) og sosionom.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Klinikken har også sjukehusoppgåver med Akutt Døgn som har ØH plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Helse Førde sitt opptaksområde omfattar om lag 110 000 innbyggjarar.
Akutt Døgn er ein lukka akuttpsykiatrisk sengepost med 15 sengeplassar. Vi flytta inn i nybygg i 2021. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har døgnkontinuerleg akuttberedskap. Akutt Døgn tek imot pasientar til både frivillig og tvungent psykisk helsevern.
Ønskjer du ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø, kan dette vere stillinga for deg.
Nyttig informasjon ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF.
ArbeidsoppgåverArbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, diagnostisering, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane
Utøve fagleg ansvar for vedtak etter psykisk helsevernlova
Rettleiing av psykologar i spesialisering og anna helsepersonell
Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Samarbeid med pårørarande
KvalifikasjonarPsykologspesialist med norsk autorisasjon i klinisk psykologi med vedtakskompetanse i henhold til psykisk helsevernlov
Psykologar som er under spesialisering, og som forventar å oppnå spesialistgodkjenning innan eitt år, vert oppmoda om å søkje og kan verte vurderte for stillinga.
Ha god kjennskap til psykisk helsevernlova og erfaring med vedtakshandtering
Søkjar må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Erfaring ifrå spesialisthelsetenesta og arbeid med alvorlege psykiske lidingar
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Personlege eigenskaparDu er strukturert
Du er prosess- og løysingsorientert
Du tåler å stå i krevjande situasjonar.
Du kan ta avgjersler som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet
Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
Du har gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg
Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrHøgt fagleg nivå
Triveleg arbeidsmiljø
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Fagleg og personleg utvikling
Løn etter gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonRoger Lundekvam, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 488
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5119002328
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.