Helgestilling i Heimetenesta
Nord, Time kommune
- Arbeidssted
- TIME, KVERNALAND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Me søker deg som ønsker å ha fast helgestilling i heimetenesta, avdeling nord. For tida har me ledig to faste helgestillingar på 13%.
Avdeling nord held til på Kvernaland omsorgssenter, ved Stemmen badeplass. Kvernaland omsorgssenter har bufellesskap for eldre, dagsenter og heimetenester i brukaren sin heim.
Me treng også ringevikarar som kan ta vakter ved behov
Arbeidsoppgåver- pleie og omsorgsoppgåver til brukarar
- dokumentasjon etter lov og forskrift
- samarbeid med brukarar og kollegaer
- 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg
Opplæring vert gitt
Kvalifikasjonar- offentleg godkjenning som helsefagarbeidar
- sjuke-/vernepleiarstudentar
- studentar og elevar med anna relevant bakgrunn
- erfaring frå heimeteneste vert vektlagd
- Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha sertifikat for personbil for å arbeida i Heimetenesta.
- Det er krav om politiattest.
Personlege eigenskapar- Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag, og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring.
- Du må ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera ansvarsbevisst.
- Du har evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet.
- Du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø.
- Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr- godt arbeidsmiljø med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass som har høgt fokus på fagleg utvikling
- lønn etter tariff
-eigne studentavlønningar som sjukepleiar/vernepleiar
KontaktinformasjonMaria Lisa Skulbru Knutsen, Leiar, 98864805, maria.lisa.skulbru.knutsen@time.kommune.no
ArbeidsstadGamle Åslandsvegen 27
4355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5181063979
Stillingsprosent: 13%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.