Lærar i norsk
Sotra vidaregåande skule
- Arbeidssted
- ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 14. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi søkjer etter ein lærar i norsk i 50% fast stilling. Den som tilsettes må ha undervisningskompetanse i minst eit fellesfag til, i tillegg til norsk.
ArbeidsoppgåverUndervisning i norsk.
Tett oppfølging av einskilde elevar.
Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollegaer og skuleleiing.
Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt.
Samarbeide med kollega om elevane si læring og utvikling.
KvalifikasjonarUndervisningskompetanse i norsk og eit eller fleire andre fag som skulen tilbyr.
Pedagogisk utdanning.
Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
Gode IKT kunnskapar.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskaparVi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du har stort engasjement for faget.
Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.
Du har gode samarbeidsevner.
Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
Vi tilbyrLøn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
Ein må rekne med å få undervisning på alle skulestadene på Sotra vgs.
For meir informasjon ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Eva Krisin Prestegård på tlf: 45 29 30 84
KontaktinformasjonErik Henneli, assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor , 93034370
ArbeidsstadBranndalsmyra 61
5353 Straume
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5186094381
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 14.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.