Rådgivar kliniske studiar (monitor/Clinical Research Associate)
Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 6. des. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du arbeide med kliniske studiar og løfte medisinsk forsking i sjukehusa?
Vi søker etter ein engasjert og dyktig rådgivar innan kliniske studiar. Kliniske studiar er eit prioritert satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest, og det er eit auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Hos oss blir du ein sentral og verdifull samarbeidspartnar for fagmiljøa i regionen, og får ei nøkkelrolle i å rettleie og støtte forskarane gjennom heile prosjektløpet – frå planlegging og oppstart til trygg gjennomføring. Slik bidreg du direkte til at studiane held høg kvalitet og følgjer strenge nasjonale og internasjonale regelverk.
Stillinga ligg til Seksjon for forsking og innovasjon (FoI) ved Forskings- og utviklingsavdelinga. FoI har ansvar for støtte- og rettleiingstenester innan forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og innan innovasjon for Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ca. 55 medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde innan medisin, helsefag, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning.
Vi søker personar med høg arbeidskapasitet, nøyaktigheit og fleksibilitet, som trivst med å handtere ulike og varierande oppgåver. Som Clinical Research Associate / monitor vil du ha ei viktig rolle i kvalitetskontrollen av kliniske studiar.
ArbeidsoppgåverMonitorering og oppfølging av kliniske studiar i samsvar med ICH-GCP og standardiserte prosedyrar (SOP-ar), hovudsakleg ved Haukeland universitetssjukehus og dei andre sjukehusa i Helse Vest-området
Utføre revisjon og risikovurdering av akademiske legemiddelstudiar og andre intervensjonsstudiar i samarbeid med forskarar
Gje råd og veiledning om roller, ansvar og regelverk (irekna GCP, CTIS og helseforskningslova) til kliniske utprøvarar og forskargrupper
Utarbeide rapportar og skrive faglege saker knytt til leveransar og aktivitet og måloppnåing innan fagfeltet
Bidra til kontinuerleg forbetring og vidareutvikling av tenester og arbeidsprosessar for kliniske studiar, med særleg vekt på kvalitet
Handtere førespurnader om mogelege nye studiar frå industrien («feasibility»)
Delta i fagmiljø, nettverk og konferansar, samt halde faglege innlegg og opplæring
Reiseaktivitet må påreknast
Andre oppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon
KvalifikasjonarFormell utdanning på mastergradsnivå (naturvitskaplege fag/farmasi)
Erfaring med prosjektkoordinering er ønskeleg
Erfaring frå kliniske studiar er ønskeleg, gjerne frå legemiddelindustrien
Erfaring med bruk av elektroniske system som eCRF / VieDoc og handtering i CTIS-portalen vil telje særleg positivt
Kjennskap til regelverket kring kliniske studiar
God forståing for økonomi/budsjett er ønskeleg
Erfaring med teamarbeid, undervisning og møteleiing er ønskeleg
Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk er påkravd, slik at du snakkar og skriv klart, kortfatta og korrekt
Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på engelsk er nødvendig, ettersom vi ofte nyttar engelsk som arbeidsspråk
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar blir vektlagd.
Kan arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig
Serviceinnstilt og kan lytte til og samarbeide med andre, på tvers av fag og einingar
Positiv haldning til å tileigne og dele kunnskap
Analytisk og ha god gjennomføringsevne
Vi tilbyrFast stilling med meiningsfylte og utfordrande oppgåver
Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø i trivelege lokale på haukelandsområdet
Fagleg utvikling
Fleksibel arbeidstid
Lønn etter avtale og ei god pensjonsordning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAnne Mathilde Henden Kvamme, Fagleiar, 90655238, anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5209977838
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.