Sjukepleiar fast nattstilling ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
- Arbeidssted
- GISKE, VIGRA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 12. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi har ledig fast om lag 75 % nattstilling som sjukepleiar ved Vigra omsorgssenter og Godøy bukollektiv frå 01.09.2026.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden. Du lastar opp dokumenta i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
ArbeidsoppgåverVanlege sjukepleieoppgåver i avdelingane for demente ved Vigra omsorgssenter og ved Godøy bukollektiv.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov.
KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning i geriatri/demensomsorg.
Erfaring frå arbeid med demensomsorg.
God digital kompetanse.
Sertifikat for bil.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskaparInteresse for demensomsorg og liknande diagnosar.
Fleksibel og løysingsorientert.
Gode samarbeidsevner.
Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Du må kunne relatere deg til verdigrunnlaget i Giske kommune, der det daglege arbeidet skal vere prega av Respekt, Løysingsvilje, Engasjement og Kvalitet.
Vi tilbyrLøn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester.
KontaktinformasjonHeidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, +47 90248034
Nina Skjong, einingsleiar, 90251630
Helen Gjerde, nestleiar, 90249808
ArbeidsstadReset 14
6040 Vigra
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5183764187
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.